«Klimaskeptikarar» – kven er dei?

63
26205
Republisert.

Enkelte menneske nektar for det vitskapen er klar på: At global oppvarming er menneskeskapt. Kven er så desse «genia» som faktisk kan overprøva talrike forskarars konklusjonar?

Nektar dei for dette, så nektar dei òg for vitskapen som ligg bak. Men det veit dei neppe sjølve, for det er ikkje argument, årsaker eller samanhengar som er viktige for denne gjengen. Dei vil ha ein konklusjon dei sjølve likar – det er det einaste dei er opptekne av. For å forstå dei er det nyttelaust å snakka vitskap, for motiva for meiningane deira ligg på eit ikkje-vitskapeleg nivå. Me må spørja kva som driv dei – eigentlig?

Fossil-profitørane: Desse representerer den mektige olje- og gassindustrien, kullindustrien, og ein desperat bilindustri, samt underleverandørane deira. Dei betaler villig for reklame som skal framstilla olje og eksos som gode saker, og å spreia forvirring omkring den globale oppvarminga gjer at dei kan halda fram litt til – helst utan at brysame menneske vil stoppa galskapen deira.

Lakeiane deira: Fins det eit sterkare motiv enn raske pengar? Kanskje, men ikkje for denne gjengen. Nokre få forskarar er nok betalte for å spreia tvil (neppe vanleg i Noreg), enkelte tvilsame nettaviser og «kurshaldarar» gjer ein framifrå innsats for å forvirra flest mogleg.

Politikarar: Enkelte parti har forstått at ei viss gruppe i samfunnet er forvirra eller nektar for vitskapen. Stemmefiskarar har her ei nisje. Dei minst utdanna vert kynisk lokka med økonomiske føremoner som avgiftslette på bilar og bensin, atter-opning av kullkraftverk osv. For politikarar er det stemmer som gjeld.

Dei pengegriske: Dette er relativt vanlege folk som først og fremst ikkje vil betala avgifter som har med klima eller miljø å gjera. Pengane har aller, aller første prioritet og dei kjem for så vidt på andre og tredjeplass òg. Å nekta for at klimaet er menneskeskapt gjer dei glatt. Dei har aldri sett seg inn i faget eller er interessert i det. Så lenge ein nektar for desse samanhengane er jo samvitet reint, og det då gjer det jo ingenting at pengar går framfor alt anna. Kognitiv dissonans. Det ein ikkje trur på finst jo ikkje…

Hedonistane: Nesten same kategori som førre, berre at det er eiga nyting og komfort som har heidersplassen. Flyreiser, svært hus, hyppige kjøtmåltid og fossilbilar. Det enklaste for dei sjølve! Vrangvilje mot å endra livsstil. Innrømma svakhet? Nei: Å nekta for at klimaet er menneskeskapt er enklast! Atter kognitiv dissonans. Hugs: Det ein ikkje trur på finst jo ikkje…

Dei som vil vera med i gjengen: Særleg blant lågt utdanna på bygda må ein vera tøff og nekta for klimaendingar. Dei som trur på forsking må gjennom harde ord. Kanskje vert du kalla noko stygt, eller vert sett på som ein skrulling? Sjå berre nettkommentarane! Du vil vel heller vera med i gjengen? Kanskje kan du energisk nikka på hovudet når han tøffe kameraten din seier FNs klimapanel midt i mot? Eller seia noko sjølv, medan du plasserer rullingsen i munnvika? Det er ikkje vanskelig, så lenge dei du snakkar med kan like lite som deg sjølv… Du vil vel bli likt?

Konspirasjonsteoretikarane: Det er ikkje lett å seia om det er arv eller miljø, men enkelte har ein tendens til å laga usannsynlege historier ut frå lite: Visste du for eksempel at eit samla, internasjonalt panel av forskarar, samt dei aller fleste land i verda let seg diktera av ein vill ide som norske politikarar har funne på for å rettferdiggjera miljøavgifter? Ikkje eg heller. Store inntekter kjem frå nettopp olje- og gass. Så det er jo merkeleg at ein nasjon som lever av akkurat dette skulle få eit slikt «innfall»? Dette er berre ein av dei fantasifulle teoriane. Det er eit mangfald av dei.

Dei lite opplyste: Menneske som av ulike årsaker ikkje er i stand til å setja seg inn i samanhengane. Kombinerer ein dette med ein naiv tillit til ein vitskapsnektar er det ikkje anna å venta. Men viljen er ikkje nødvendigvis vond, og dei kan lett koma på betre tankar. Slike folk er ikkje det store trugsmålet.

Naturfag handlar ikkje om meiningar og tru, sjølv om nokre tydeligvis tenkjer det. Naturen tek ikkje omsyn til kva folk måtte meina. Det at menneske utan naturfagleg bakgrunn plutseleg skal ha noko å seia i ein slik debatt er berre merkeleg. Det kan mest samanliknast med at kven som helst skulle delta i ein debatt om strukturformelen til hemoglobin – og i tillegg ha sterke meiningar!

Lat oss ikkje vera naive: Sterke krefter jobbar hardt for å verta rike, med øydeleggande følgjer for planeten og livsgrunnlaget vårt. Me må vidare, og kan ikkje tillata oss å dvela ved dette ”spørsmålet” om klimaet lenger, men heller fokusera på løysingane!

Klimanekt – et trugsmål

Men: Vert det betre om me vert kvitt akkurat vitskaps-fornektarane? Ikkje nødvendigvis. Me har fleire grupper å stri med. Mange har eit så lite gjennomtenkt forhold til dette, at dei jamvel ikkje er samde med seg sjølve: «Eg trur ikkje på global oppvarming, og dessutan er det ikkje menneskeskapt. Og kva hjelper det å ta tak i det når ikkje Kina gjer noko?» Slikt kan dei koma med.

Me har allereie dei som bevisst bagatelliserer. Mange av dei gruppene eg omtalar her er svake for pressgrupper eller dei er gjennomført ignorante. Om så reell kunnskap skulle synka inn kan dei lett vri vitskaps-nekt til bagatellisering og er då til stor skade uansett. Trass dette er det eit betre utgangspunkt å vedkjenna problema og sanninga. Då kan ein lettare vera konstruktiv i tanke, tale og gjerning som handlar om kloden og framtida.

 

Fra redaksjonen. Republisert. Først publisert på D1 23.febr `18. Innlegget ble først publisert på Petters blogg http://petteres.blogspot.no/