«Mothering Sunday» av Graham Swift

0
2635

Denne boka er verkeleg noko spesielt. Swift klarer å mane fram ei heilt unik stemning, og verkeleg-gjere historia. Det er noko eksepsjonelt atmosfærisk eg ikkje heilt klarer å setje spissen på. Boka er utgitt på norsk av Gyldendal som Morsdag, men eg kan jo ikkje garantere at omsettinga har klart å bevare det magiske preget som eg ser.

I eit intervju på sine eldre dagar tenker forfattaren Jane Fairchild tilbake på ein heilt spesiell dag i livet sitt. Morsdag – «Mothering Sunday» – 30. mars 1924: Jane er hushjelp hos ekteparet Nivens, og får som alle andre fri for å feire mor si med familien sin denne dagen. Men Jane er foreldrelaus, og bruker heller dagen sin i senga hos den rike elskeren sin. Det er så klart ikkje heile handlinga, men eg har absolutt ikkje tenkt å frarøve nokon den gleda det er å oppdage denne historia sjølv.

Ikkje la omslaget lure deg til å tru at dette er billig husmorporno (sjølv om det står «a romance» på omslaget). Dette er eit sterkt portrett av ei ung kvinne, av ei gamal kvinne, ei kva som helst slags kvinne. Og så er den jo så klart litt sexy og poetisk inni mellom! Det skulle då berre mangle i ei kjærleikshistorie. Men igjen – dette er ikkje det vi nordmenn kallar ei kjærleikshistorie. Mykje av boka fokuserer på litteratur, på bøkene som inspirerte Jane til å skrive – «boy’s adventure books» – og hennar refleksjonar rundt livet i 1924. (Som forresten er eit flott historisk bakteppe, og gjer boka verdt å lese om du så berre likar serier som Downton Abbey.)

Det er ikkje ei stor historie, men den er fortalt med mange, mange små ord fulle av magi. Eg anbefaler denne boka varmt, og håpar at du tek deg to eller tre timar til å lese denne vesle boka. For meg vart i alle fall dette ei bok eg ikkje vil gløyme med det første.

Forlag: Scribner
Utgivelsesår: 2016

Dette innlegget vart først publisert på www.elisecathrin.com.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here