Fiskeoppdrett er dyreplageri!

0
3022

Det er ikkje berre fisk som er berekna til mat som er ofre for kynismen til industrien.

Det er mange ulemper ved fiskeoppdrett. Me har fått høyra om lakselus og spreiinga av dette i fjordane, laks som rømmer og fører til genetisk endring av dei opphavlege lakseartane, utslepp av ureinsa avføring og anna ureining av enorme dimensjonar, helsemessige konsekvensar av å eta kjøtet frå sterkt medisinert rovfisk, og me har forstått at det er lite bærekraftig å fora fisk med mat som menneske like gjerne kunne ha ete direkte (anten det er soya, mais eller annan småfisk).

Ei ulempe bør likevel koma sterkare fram i debatten: Det er korleis dyra faktisk har det. Ser me nøyare på det er det mykje å grøssa av. Ikkje berre er mange fisk plaga med lakselus, denne parasitten som syg blod og tærer på huda utan at fisken får den bort. Trengsel, stress, sjukdom, skader, unaturlig mat, ueigna temperaturar og mykje anna fælt er òg vanlege plager for oppdrettsfisk.

Voksen laks er frå naturen si side ikkje ein stimfisk, men ein individualist som er tvinga til å leva i ein stim av opptil 200 000 fisk i same merd, med det stresset det fører med seg. Den er ein aktiv og spenstig rovfisk med behov for å symja milevis og livnærer seg av annan fisk. I fangenskap må den symja i ring saman med tusenvis av artsfeller og kan sjølvsagt ikkje få utløp for den naturlige trongen til aktivitet.

Foret er heller ikkje å skryta av. Denne rovfisken får i stor grad plantekost som den ikkje er tilpassa og som den ikkje har godt av. Laks vert fødd i ferskvatn, og i naturen tilpassar den seg gradvis saltvatn. I oppdretta skjer overgangen til saltvatn (smoltifiseringa) brått, og det plutselege saltsjokket kan føre til liding for fisken. Ikkje alle overlever dette. I dei tronge merdane kan heller ikkje laksen søka den temperaturen dei trivst i, noko som gjer at den kan bli utsett for overoppheting.

Fisk i oppdrett er den største gruppa av dyr me held i fangenskap. I desember 2012 var talet på fisk som levde i norske anlegg om lag 400 millionar individ, men mange av dei døyr før slakt. Så høge er dødstala at kvart einaste oppdrettsanlegg i seg sjølv er ei dyretragedie. Fiskehelserapporten 2013 frå Veterinærinstituttet seier: «Flere anlegg har mistet mer enn 100 tonn stor laks i forbindelse med håndtering og behandling (av lakselus).» Dette er ein situasjon som er vanskeleg å tenka seg at samfunnet ville akseptera for landdyr – sjølv i dei svært intensiverte kyllingoppdretta.

I merdene florerer sjukdom. I følgje Risikovurdering for norsk fiskeoppdrett 2013 frå Havforskningsinstituttet døyr ein av fem fisk av sjukdom, og det seier litt om helsetilstanden til fangane i dette undersjøiske fengslet. Havforskningsinstituttet sjølv skriv: «det er riktig å si at det er høy risiko for dårlig velferd». Uttrykket «frisk som ein fisk» er her gjort til skamme for alltid.

I staden for å endra det unaturlege miljøet som fører til sjukdomane prøvar næringa å bøta med vaksiner og behandling, noko som fører til smertevoldande dyreforsøk og andre indirekte negative verknader. Fisk er det vanligaste forsøksdyret i Noreg, og tal frå Forsøksdyrutvalget, viser at hundre tusenar vert utsette for smertevoldande dyreforsøk årleg grunna fiskeoppdrett. Fisk har i tillegg til sjukdom defektar som er resultat av kunstig avl og ulike typar skader som følgje av trengsel og stress.

Det er ikkje berre fisk som er berekna til mat som er ofre for kynismen til industrien. Millionar av leppefisk, som er sett ut i for å plukka lakselus har høg risiko for skadar, svolt (dei forer den ikkje) og sjukdom. Dette er fisk som er tilpassa djupare vatn, og er tvinga til å leva og døy i eit miljø dei ikkje er tilpassa.

Mot slutten av fiskens pinefulle liv vert nettet gradvis snørt saman rundt dei, noko som sjølvsagt er stressande og ubehageleg. Deretter vert dei utsette for diverse prosessar som alle skaper liding. Dei vert slengde opp på samleband der dei får hard og maskinell handsaming, slått i hovudet eller utsett for elektrisk straum, før strupa vert kutta og livet ikkje er meir.

Mange freistar å skildra fisk som om det var livlaus biomasse. Dei måler den i tonn, medan dei snakkar om den som det skulle vore eit materiale. Desse menneska tykkjer opplagt det er flaut å ta omsyn til at vitskapen og all sunn fornuft tilseier at fisk er individ som kjenner frykt, smerte og ubehag. Sjølvsagt skal menneske ta på alvor behova deira, noko òg dyrevernloven er klar på.

Den profitthungrige oppdrettsbransjen er kjend for å ha ein enorm makt og har tydelegvis tenkt å halda fram med denne organiserte vondskapen. Dei norske regjeringane, anten dei kallar seg raude eller blå, har i stor grad sjølve interesser i at galskapen fortset. Då er det få som orkar å ta opp kampen mot uretten. Lakselobbyen brukar innflytelsen kynisk. Dei prøvar å innbilla folk flest at det er «ein glad laks» dei serverer. Sett i lys av denne massive desinformasjonen er det viktig å vera klar over at:

Kjøper du oppdrettsfisk sponsar du organisert og kynisk dyremishandling i stor stil!

 

 

Fra redaksjonen: Republisert for nye lesere. Første gang publisert på d1 april `17. Første gang publisert i 2014 på Petters egen blogg http://petteres.blogspot.no/2014/03/fiskeoppdrett-er-dyreplageri.html

Photo by Bob Brewer on Unsplash

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here