Ved gråsteinsmuren hans tippoldefar ho strør nokre frø,
ho skulle vorte kulturberar,
den draumen fekk blø.
Her finst knapt att røter,
dei vart rivne bort,
so i byen lyt ho no
veksa opp.

Ho sit attved gråsteinsmuren tippoldefar hennar stabla so fint,
av ugrei gråstein med mykje slit.
Han vart ikkje rik på gods eller gull,
men kulturen han otte var mykje rikare enn kva ho fekk,
då etter krigen nedetter bakke det gjekk.

Lell i hennar eg vonar å så nokre frø,
stolt lyt ho vera av den arven som måtte kverve og døy.
Framsteget kom med straum, kloakk og bil,
steinrøysa oppunder Totenåsen vart ein amerikansk draum.

Ein moropark ribba for slit,
Disney helsar oss no med sitt glis.
Subeksurbania, jippi, dobbelt hurra,
dette er kva det moderne mennesket vil ha.
Komfort, vårt nye Nirvana.

På vegen mista vi all autonomi,
slitet var fundamentet for den enkle gudstrua di.
Med Kristus livet i steinrøysa fekk meining og von,
kva dei hadde her var ein delereligion.

No er alt borte og fragmentert,
eit rikt nettverk rundt åsen vart pulverisert.
Ikkje eingong ditt andlete fekk eg sjå kjære tippoldefar min,
ditt bilete er fjerna frå den vene plassen din.

Nokre tårer sår eg her i jorda di,
takk for den rike tida di.

 

 

Fra redaksjonen. Profilert Livssyn og dialog- dikt.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here