«Størst av alt» av Malin Persson Giolito

0
1873

Dette er det første rettsalsdramaet eg har lest, noko som kanskje ikkje er så rart. Det er ein sjanger som ikkje er særleg utbredt i Skandinavia, meir ei amerikansk greie. Men svenske Malin Persson Giolito (for øvrig dottera til krimforfattaren Leif G.W. Persson) får det knallbra til! Oppstykkinga og dramaturgien er fantastisk lettlest og det er enkelt å følgje med, bli engasjert og få med seg fakta.

Her er altså greia: Etter ni månader i arresten skal Maja Norberg endeleg i retten for å få dommen sin. I løpet av to veker i retten får vi høyre Majas historie, frå korleis ho møtte og forelska seg i (den eigentleg urealistisk rike) Sebastian, det ambivalente forholdet til bestevenninna Amanda, festane, dopet – til korleis ho endte opp i eit klasserom med ein pistol i hendene og den einaste som kom heilskinna frå skytinga. Det store spørsmålet er altså dette: Maja Norberg – et uskyldig offer eller en kaldblodig morder?

I tillegg til den utruleg spennande handlinga, både i rettsalen og bakgrunnshistoria, klarer Giolito å flette inn politikk, samfunnsøkonomi, innvandring, rasisme, menneskeverd, psykiske lidingar og mange andre store spørsmål, i form av Maja sine tankestraumar (og eit føredrag, ei samtale over eit middagsbord og diskusjonar med venner). Dei er enkle å forstå, og heilt på Maja sitt nivå, og dermed på ein normal attenåring sitt nivå – boka passer dermed veldig godt for ungdom.

Eg synest Maja er ein vanskeleg person å like (kanskje fordi vi ikkje om ho er skuldig eller ikkje før på slutten av boka). Eg trur omsettinga øydelegg litt her, for dei kommentarane som ville vore sarkastiske og småfrekke på svensk (slik eg les «gjennom» omsettinga at originalteksten var), vert kjipe og nesten ondskapsfulle på norsk. Og apropos omsettinga, så er den generelt ganske… rar. (Eg vil ikkje kalle den dårleg, for det er den ikkje.) Enkelte setninger og ord er feil oversatt. På norsk heiter det «etterforskning», ikkje «forundersøkelser», og «ekte» eller «virkelig», ikkje «riktig». Eg har heller aldri hørt nokon bruke «innenat» som det motsatte av å kunne noko utenat. (Hmpf.) No skal det seiast at utgåva eg har lest er eit ukorrigert førehandseksemplar, så kanskje den endelege boka er blitt fiksa på? (Om du heller vil lese den engelske omsettinga, skal den vere i salg no.)

Alt i alt synest eg denne boka var veldig god, men den lev nok ikkje heilt opp til hypen for min del. Det er altså ikkje ein av dei absolutt beste bøkene eg har lest i år. Men for «vanlege» lesarar som les kanskje tjue bøker i året, skjønner eg godt at den hamnar på topp fem! Den er veldig sterk, og kjem nok uansett til å sitte i ei stund. Så den kan absolutt anbefalast, uansett om du foretrekker krim eller romanar.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Dette innlegget vart først publisert på www.elisecathrin.com.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here