Ei brennesle stend innåt stabbursveggen
åt stabburet til oldefar min.
Med det ho kjelar,
ho gjev det ein klem,
ho elskar den gamle veggen din.

Ho er ei kulturplante,
eg skulle ynskje eg var som deg,
du har dine røter intakte,
det har ikkje eg.

Ei kulturplante eg ville vera,
eg ynskte å verja om kva her var.
Diverre vart stabburstunet drepen,
ditt tunhjarte sluta å slå.
Historieblodet renn ikkje lenger
gjennom årane dine her no.

Tunet er garden sitt hjarte,
og Noreg si sjel det er.
Når tunhjartet ikkje lenger bankar,
då kulturberaren fer sin veg.
Lekkja vert broten, garden visnar og døy,
inkje vert lenger noko gøy.

Kva tenkte dei på,
då dei kringsette tunet ditt?
Skjøna dei ikkje at gardstunet er heilagt,
at der skal vera venleik og ro,
alt kva som inkje er her no?

Eg gret når eg ser korleis ho prydar
stabbursveggen åt oldefar min.
Du vesle nesle er den einaste som no elskar
den tapte arven min.

 

 

Fra redaksjonen. Profilert Litteratur

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here