For nye lesere
Som barn vaks eg opp med kveldsbøn. Slik bad vi, kvar kveld før eg skulle leggje meg: «Kjære Gud, tak handa mi – slepp ho aldri ut av di. Før meg på din veg i dag. Gjer meg trygg og god og glad.» Så gjekk eg på sundagsskulen. Der song vi slik, og vi gjorde rørsler inntil: «Eg er trygg hos deg, eg får be til deg, eg får lovsynge ditt namn. Du har tid for meg, når eg søkjer deg, min Herre, min Gud!» Slik var også grunninnstillinga mi som barn: Eg var «trygg og god og glad,» og hadde det fint med vener, utfalda meg i fotball, spela tv-spel, sprang ute i naturen.
I dag, over tre tiår seinare, er det imidlertid rart å sjå attende på livet mitt og trusutviklinga mi. Etter som eg vart ungdom, og mine kognitive evner utvikla seg meir, måtte eg nemleg sjå lengre og lengre etter denne barndomskjensla av tryggleik. Eg byrja å tenke sjølvstendig gjennom trua – sjå etter samanhengar og svar, søkje kunnskap. Reint sosialt var eg også med i det lokale kristne skulelaget, eg las Bibelen kvar kveld, eg var ungdomsleiar på den lokale kristne ungdomsklubben – for å nemne noko. Og så var dei fleste nære venene mine i dei same miljøa.
Så byrja eg etter kvart på ein kristen vidaregåande skule. Og eg las meir og meir i Bibel og kristelege bøker, og var fast på kristne «møte» to gonger i veka. Der høyrde vi på kristne forkynnarar i den såkalla lågkyrkjelege tradisjonen. I tillegg deltok eg jamleg på jamlege bibelgrupper, hadde kristendomsundervisning og anna. I miljøet eg var i, var det mange flotte og ressurssterke folk. Vi var flinke på skulen, vi spela fotball og hadde band, og fann på mykje gøy. Men sjølv vart eg mindre og mindre lukkeleg, og gjekk med ei konstant kjensle av mild depresjon og angst.
Rart å tenke på: På vidaregåande skule tenkte eg kanskje at eg ville bli ingeniør, eller lærar. Men fyrst måtte eg ta eitt år med teologi, for – som eg tenkte – «å rydde bort ein del problemstillingar», nemleg dei problemstillingane som skapte så mykje angst og uro for meg. Som sagt, så gjort. Eg tok eitt år med teologi. Men eg kom ikkje fram til gode nok svar, og måtte studere meir – og meir.
Medan eg studerte teologi, gjennomførte eg ein lengre periode med psykoterapi, for å freiste å betre min psykiske situasjon. Det var til hjelp og stønad for meg, men hjalp i praksis ikkje veldig mykje. Samtalane dreide seg mykje om å analysere oppvekst, familierelasjonar og sjølvbilete – men terapeuten var nok redd for å gå særleg inn på konkrete teologiske problemstillingar, eller gudsbilete, openberring, moral o. l. Tanken var nok at min ulukkelege tilstand framfor alt hadde å gjere med nettopp dei nemnte analyse-temaa. Kunne ein endre desse, så ville også det teologiske «falle på plass», så å seie.
Til slutt var studiet ferdig, og eg var utdanna prest. Etter teologistudiet byrja eg å arbeide deltid som prest. Det ville vere meiningsfullt arbeid, tenkte eg, og samstundes kunne eg tene pengar til å kjøpe fleire bøker, og ha fri til å studere meir. Mine foreldre sa fleire gonger til meg: «Du køyrer deg for hardt, du må ta det meir med ro.» Det var eit godt råd – etter kvart skulle eg utvikle kronisk sjukdom, som eg enno slit med, på grunn av mitt indre stress. Men – det var nettopp eit slags indre stress som dreiv meg, eit stress som opplevdest ufråkomeleg og som aldri var borte. Ikkje ein gong om natta fekk eg verkeleg kvile – eg søv lett, og var anspent i kroppen.
Så rart – kunne ein tenke. Eg vart lært opp i ein kristendom som vektla tryggleik og godleik. Eg hadde ein god og ljos barndom. Korleis kunne eg kome så skeivt ut som vaksen? Kanskje det berre var noko gale med meg? Er eg som menneske «særleg sensitiv», og ville hatt det slik, uansett kva oppvekst og livssyn eg hadde? Jo, eg har nok mine sensitive sider, det er sikkert. Og likevel: I dag, som 33-åring, er eg adskillig lukkelegare og tryggare enn eg nokon sinne har vore før, i mitt vaksne liv. Eg søv også rimeleg godt, og ville ikkje lenger fått nokon diagnose knytt til angst og depresjon. Det eg slit mest med no, er etterverknadene av dei vanskelege åra eg har gjennomlevd. Det gjeld framfor alt helsa, men også ulike haldningsmønster og levemønster.
Så kva er det som har endra seg? Svaret er på same tid åpenbart og overraskande. Det er åpenbart fordi det ligg så oppe i dagen for den som har «auge til å sjå». Overraskande, fordi svært få menneske i det heile tala ope om dette, då eg var ungdom og ung vaksen. Eg skal bli meir konkret: I dag forstår eg at den trua som eg vaks inn i som ung, ikkje gav meg tryggleik, men heller gav meg vesentleg angst og depresjon. Kva meir er: I dag forstår eg at desse problema ikkje ein gong fyrst og fremst er knytt til mi personlege mottaking og utforming av trua, men derimot til Jesus sjølv, hans røyndomsforståing og forkynning. Det var den møysommelege erkjenninga av dette, i løpet av tusenvis av bøker og tankeprosessar, som framfor alt skapte frigjering for meg.
Ein kan seie dette på anna vis: Jødedomen på Jesu tid – og i alle fall den greina av jødedom som Jesus sjølv identifiserte seg med – var sterkt spent, på grensa til det traumatiserte. Det er ikkje rart, når ein tenker over det: Århundre med brutal og valdeleg undertrykking, samt ein tradisjonsarv med til dels ganske harde og radikale gudsbilete, forteljingar og moralkodeksar. Det skal langt frå bli underslått at både jødedomen på Jesu tid, og Jesus sjølv, tala med varme om ein kjærleg og tilgjevande Gud. Ein kan berre tenke på forteljingar om den miskunnsame samaritanen og den bortkomne sonen – eller også formaningar om å elske sin neste og tilgje sine fiendar.

Og like fullt: Side om side med desse tekstane finn ein uendeleg brutale gudsbilete og truslar, faktisk i så stor grad at ein verdsleiande Jesus-forskar kan tale om «stark contradictions» i Jesu gudsbilete. Og denne spenninga, eller endog motsetninga, går gjennom heile Det nye testamentet. Som ung lærte eg å «skjelne mellom lov og evangelium», det var vegen til sjelefred. Det var Luthers og hans tradisjons heiderlege forsøk på å kome til rette med desse tradisjonane. For meg fungerte dette berre eit stykke på veg – angsten slapp aldri taket. I dag, tusenvis av bøker og tankar seinare, kan eg konkret setje fingeren på veldig mange av dei tinga som ikkje heldt mål ved denne tradisjonens forvaltning av den jødisk-kristne arven.
Kva var så løysinga for meg, for at dei mørke skyene skulle sleppe taket, og sola igjen kunne få skine? For meg handla dette – ikkje utelukkande, men i sterk grad – om rein teologisk endring av standpunkt. Eg forstod fyrst at den tanken eg hadde blitt opplært i, om at Bibelen er «ufeilbarleg» o. l., var heilt uhaldbar, intellektuelt sett. Denne posisjonen var i vår tid meir prega, og sementert, av polemiske frontar basert på kyrkjepolitikk (d. e. debattar om bibelsyn, kvinnelege prestar, homofili), enn den var prega av seriøs forskning.
Vidare innsåg eg at Bibelen som heilskap er ein del av ei kulturhistorie, og på alle vis er prega av nettopp dette. Dette lærer ein av komparativ religionsforskning og historisk bibelforskning, men også av å jamføre moderne naturvitskap med dei diverse røyndomsforståingane i Bibelen. Og endeleg fekk eg tenkt gjennom kva nettopp dette får for konsekvenser i møte med Jesus; når også Jesus er djupt prega av kulturhistoria, kan ein ikkje lenger tenke på hans gudsbilete, hans formaningar, hans agenda etc. som «direkte openberra».
Dette betyr ikkje at Jesus blir irrelevant. Heller betyr det at ein får ein langt større fridom til ein breiare konstruksjon av livssyn og moral, og at Jesus også må finne si rolle innanfor dette. Jesu liv og bodskap har framleis djup relevans for meg og (vil eg hevde) vår samtid. Men det er lov å diskutere med Jesus, lov å vere usamd. Og det å leve etter hans bodskap krev også ein stor porsjon personleg visdom. Alt dette er uansett også ei sterk påminning om at livssyn er «trøblete business», som vanskeleg kan setjast i klåre og sikre system. På ein del vis kan ein for øvrig seie at dette er innsiktar som den austlege oldkyrkja kjente til, men som har gått tapt i moderne, konservativ protestantisme.
Dette er berre nokre lause refleksjonar, som ein lett kunne ha trekt i veldig mange ulike retningar, og utvida. Og naturlegvis vil mange vere usamde i dette og hint i innlegget mitt. Men eg skal stanse her. Hovudpoenget i dette innlegget var berre å peike på nokre personlege erfaringar av det «traumatiserande potensiale» som ligg i den jødisk-kristne arven, og då særleg når denne arven uttrykkast innanfor eit moderne, fundamentalistisk paradigme. Samstundes håpar eg sjølv at ei open erkjenning av, og eit kontinuerleg arbeid med, desse problemstillingane vil gjere det mogleg for kyrkje og teologi å behandle desse tinga med visdom.
Gode bøker for vidare lesing:
Dale Allison: Resurrecting Jesus
James Kugel: How to read the Bible
David Carr: Holy Resilience: The Bible’s traumatic origins
Marlene Winell: Leaving the fold
Denis Lamoureux: Evolutionary Creation
James Martin, SJ: Jesus – a pilgrimage; Jesuit guide to almost everything
NT Wright: Christian origins and the question of god (Serie); Justification
Thom Stark: Human faces of God
Fra redaksjonen. Republisert for nye lesere, første gang publisert januar `17 på D1.
Photo by Matt Botsford on Unsplash
Vil du skrive om din tro og erfaringer? Det kan du trygt gjøre på Debatt1!
Send innlegg til redaksjon@debatt1.no.
Velkommen!
Din mening gir mening!



