Norsk vindkraftpolitikk er enno verre enn de trur!

7
5470
Fugletrekk og vindkraftverk
Biletet, frå Kjell Aga Ulvestad, viser Hennøy vindkraftverk, nord for Guleslettene - i same fugletrekk.

Det blir sagt mykje i debatten om vindkraft, men uavhengig om ein er positiv eller negativ, så tenker eg det fyller dei fleste med bekymring at den smale kyststripa i Norge der titals millionar av fuglar trekker, er i ferd med å bli dekka av hundrevis av turbinar. Dette er hovudruta for fugl mellom middelhavsområdet og arktiske områder, til og med fuglar som skal til og frå Sibir flyr her.

Fem konsesjonar er gitt midt i trekkruta, berre i Sogn og Fjordane. På eit av prosjekta, Guleslettene, fant forskerar ved NINA gjennom radarmålingar at det på berre ein einaste dag våren 2019 passerte nesten 350.000 større fuglar og titusenvis mindre flokkar småfuglar i turbinhøgde gjennom området. Her er det planlagt ein 9km lang vegg med 47 gigantiske turbinar.

Eg skulle ønske at målingar som viser til dei desidert høgaste konsentrasjonane av fugl nokonsinne i Norge burde vunne fram slik at massiv fugledød blei stoppa. Eg tenker at dette er jo i Norge, her tar vi jo hensyn til naturen, ikkje berre profitt.

Dessverre, så var dette i Norge. For klarsignalet for bygging blei gitt. Først av NVE, så bekrefta av OED. Hensynet til utbyggar sine inntekter måtte gå først. Ja, det var faktisk argumentert med dette. Mange titals kilometer med vegar er sprengt ut, etter påske skal dei første makuleringsmaskinene reise seg.
Prosjektet er eigd via BlackRock, eit av verdas største hedgefond. Verdens største investor i ny kullkraft. Dei hogger ned regnskog. Kåra til verdens verste selskap for klimaet. Avslørt av TV2 for skatteundragelse til Caymanøyene. Ingen veit kven som eigentleg endar opp med pengene. Pengane som var viktigare enn alle våre trekkfuglar.

OED hadde eit argument til – det var usannsynleg at dette prosjektet aleine ville totalutrydde en eller fleire fugleartar. Dessverre er dette blitt standarden innan vindkraft i Norge. Naturmangfaldlova hadde tiårsjubileum i fjor. Den feiringa kunne dei spart seg.

Neste prosjekt i same fugletrekk er Bremangerlandet, 20km lengre nord. Her smalnar same fugletrekket inn i flaskehalsar i dalfører gjennom klippeøya, Området er attpåtil ei stor terrengdekkande myr, der det vil bli store klimagassutslepp. Prosjektet vil stenge stien til Vetvika og gje kraftlinjer langs stien til Hornelen – Europe’s Tallest Sea Cliff. Begge er friluftsattraksjonar med eksplosiv vekst. Eg har prøvd å leite om det finst liknande tankelause og brutale vindkraftprosjekt i verda, men eg har ikkje funne noko.

Om det er dette ein vil ha som klimatiltak, då er klimakampen tapt. Folk flest kjem ikkje til å akseptere at naturen skal øydeleggast og artar utryddast for eit marginalt klimabidrag. Forsøker en likevel å presse dette gjennom, trur eg ein skaper avmakt, lav tillit til demokratiet og grobunn for at fleire tyr til lettvinte bortforklaringer om klimaet. På eit eller anna tidspunkt vil det heile komme til ein bråstopp, og då har ein kasta vekk mykje tid som ein heller burde ha nytta på oppgradering av vasskraft, energisparing og utvikling av geotermisk energi. Paradokset er – jo fortare vi kan stogge vindkraftutbygging i Norge, jo fortare kan vi fokusere på å redusere klimagassutslepp framover med gode løysingar.

 

Fra redaksjonen. Profilert Politikk og samfunn, Innsikt. Innlegget var først publisert i fb-gruppa https://www.facebook.com/groups/vindkraftutbygging/, som i skrivende stund har 90.695 medlemmer. 

Facebook kommentarer

7 KOMMENTARER

  1. Regjeringa bør, ved de som tildeler disse konsesjonene som er å anse som bevisst tortur og drap på dyr/fugler, tiltales og straffeforfølges for nettopp det jeg skriver.

  2. Dette er ikke klimatiltak……. det er rasering av norsk natur……. og ikke minst vårt rike fugleliv…..

    • Hei!
      Takk for at du deltar i debatten på D1!
      For info: Her må en kommentere under fullt navn, så jeg vil gjerne be deg om å legge til etternavn om du, forhåpentligvis, kommenterer eller skriver innlegg, ved en senere anledning. Du trenger ikke endre det for din kommentar nå.

      Mvh
      Elisabeth Hoen

  3. På sidelinja, men dumt med skrivefeil i tittelen til ei viktig sak. Tidsadverbet ‘enno’ tyder ‘framleis’. Det du vil bruke her er gradsadverbet ‘enda/endå’.

  4. Hei dere 🙂 Jeg kan gå inn og endre enno til enda eller endå, om du vil Jørund Nygård? Endrer ikke linken, som jo er godt spredt nå, men tittelen her.
    Bare si fra.

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here