Eg har vore medlem av partiet i ni år, og har opplevd stor vekst i partiet, både i medlemmar, stemmetal, ressursar og raffinerte standpunkt. Her skriv eg om kvifor eg stemmer MDG.
Politikk er vanskeleg, og ofte må politikarar møta motbør for det dei seier og meiner. Når ein ser på kva eit parti vil, er det viktig å vera klar over visjonane, framtidsperspektivet og erkjenninga av at me lever i eit lite land i ei langt større verd. Me treng eit parti som ser lenger enn fire år fram i tid, og som er ein del av eit globalt nettverk av grøne parti. Eg veit godt at ei så uvand tilnærming ikkje alltid er populær, sjølv om den er nødvendig.
Å tenka framsynt og globalt – ein uvand tanke?
Dei Grøne har som prinsipp å arbeida for solidaritet med menneske generelt (òg dei som er svake og fattige), solidaritet med miljøet og dyra, samt solidaritet med komande generasjonar. Samanlikna med dei fleste andre parti, som gjerne strevar etter kortsiktig og – stundom dessverre – destruktiv eigennytte og profitt, er heile vår politikk tufta på dei nemnde prinsippa. Politiske saker skal sjåast i lys av kva som er bærekraftig og rett over tid.
Partiet har politikk på alle område, og er ikkje noko «ein saks-parti», sjølv om mange trur det. Det er nok mange som veit godt at partiet har eit mangfald av saker, men som likevel vil prøva å spreia eit falskt inntrykk av ein «snever» politikk. Slik er det gjerne i politikken, og det er det viktig å vera klar over. Her er heile arbeidsprogrammet. Og denne videoen viser at MDG har annan politikk.
Dei Grøne er klare og tydelege på klimatiltak, ureining, dyrevern, og at det materielle forbruket må reduserast. Mange parti har mykje godt i seg, men viser seg dessverre svake på desse områda.
Dei sakene som har vore mest framme i media, handlar gjerne om klima og utfasing av dei øydeleggande fossile energikjeldene. Dette er kompliserte saker, og det er lett å verta forvirra, derfor har eg skrive meir utfyllande om både dette og ein del andre tema her:
Om utfasing av fossile energikjelder – vanlege spørsmål og kommentarar med svar!
Om klima – vanlige spørsmål og kommentarar med svar!
Om store parti – og kvifor dei er store
Latterleggjeringa
MDG er vorte favoritt-hakkekyllingen til nett-mobbarar. Les ein kommentarane der Dei Grøne er nemnde, kan det virka som om MDGs motstandarar kappast om å visa kor usaklege, vulgære og lite nyanserte dei er.
Me veit kva verdiar MDG står for, og motstandarane likar tydelegvis ikkje tanken på å ta vare på kloden, frisk luft, bærekraft, dyrevern, klok forvaltning av verda, langtidsperspektiv, solidaritet og det å vera eit medmenneske.
Når me ser på korleis motstandarane vel å uttrykka seg på, skin det gjennom at dette ikkje er menneske av dei mest nyanserte tankane, og dei har gjerne ein vulgær og noko nedlatande stil. Koplar ein saman verdiane og uttrykksmåten får me eit ganske tydeleg og karikert bilde av MDGs meiningsmotstandarar. Dei som ikkje trur meg, kan sjå etter sjølv. Miljømotstandarar er nemlig veldig ivrige etter å understreke poenga mine! 😉
Meir oljeboring?
Me veit alle at utsleppa fører til klimaendringar. Me veit òg at det alt er funne meir olje enn klimaet tåler. og at utsleppa forsterkar ekstremværet som fører til enorme lidingar i verda. Når me veit alt dette, forstår me kor absurd oljeboring i Arktis faktisk er.
I det siste er det òg kome fram at det er økonomisk lurt å omstilla seg mens me kan. Det bør me ikkje nøla med.
Enkelte politikarar ser ut til å tru at fossil energi vil vara evig, og ignorerer framtida. Å berre tenka på dei neste fire åra er kortsiktig. Det er forskjell på det som er populært på kort sikt og det som er fornuftig på lang sikt!
Er det vits i å stemma grønt?
Når sperregrensa kan brytast nedanfrå viser det at våre grøne stemmer er langt meir effektive enn å la stemma «drukna» i eit av dei store og mette partia som vart grunnlagd for lenge sidan i og konstruert for fortida.
Lat oss vera ein del av løysninga, ikkje problemet!




