«Menn forklarer meg ting» av Rebecca Solnit

0
2595

Etter å ha lest Rose-Marie sitt innlegg om boka, tok eg oppfordringa om at dette var «obligatorisk lesning». Og for eit stort inntrykk denne vesle boka kan gjere! Eller gjer. Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at dette er ei feministisk bok med stor F, og det skremmer meg litt at feminisme fortsatt er så utruleg nødvendig i dagens samfunn. Eg er ei kvit, priviligert jente i eit av verdas rikaste land. Og likevel. (Faen kor sint eg blir av å lese denne boka.) Er vi ikkje komen lengre?? Seriøst? Eg er så frustrert, eg veit nesten ikkje om eg kan skrive sakleg om denne boka.

Boka består av ni ulike essay. Dei er litt ulike, og sjølv om alle har same tema (feminisme), vert det til tider litt ujevnt. Essayet om Virginia Woolf følte eg var bittelitt malplassert, og vart litt for akademisk, til dømes. Av og til vart det litt vel mykje oppramsing av fakta, men stort sett er det veldig lettlest (til trass for innhaldet). Eitt av dei er faktisk ganske så poetisk skrive.

Og tittelessayet er jo berre starten på heile greia (bokstavelig talt). Publisert på nettet allereie i 2008, skapte alt oppstyret rundt essayet uttrykket «mansplaining». Det som berre skulle vere eit essay om kor irriterande det er når menn snakker nedlatende til kvinner om ting dei har mindre peiling på enn henne, vart ei samling essay som plutselig handla om voldtektskultur, feminisme og generelle haldningar til kvinner. Det er skremmande og interessant, trist og fantastisk håpefullt.

Visste du at kvart niande sekund blir ei kvinne mishandla, berre i USA? At kvart sjette minutt vert ei voldtekt anmeldt i USA? (Og at berre 20% av voldtekter vert anmeldt, så i realiteten vert ei kvinne voldtatt kvart minutt.) Dersom det ikkje gjer deg sint at vi lev i ein kultur der voldtekt fortsatt blir sett på som enkelthendingar og ikkje eit sosialt problem, så bør du skjerpe deg. Eg trur nesten eg må stoppe her, viss ikkje får eg ikkje sove i natt. Det er nesten for mykje å ta inn over seg, ikkje minst diskutere. Men ja, les boka (du klarer å lese i underkant av 130 sider).

Forlag: Pelikanen
Utgivelsesår: 2016

Dette innlegget vart først publisert på www.elisecathrin.com.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here