«Gåten» av Jessie Burton

0
2426

Bokanmeldelse

Det hender eg av og til får meg nokre overraskingar. Ofte kjem dei i form av bøker i postkassa, noko som var tilfellet her. Allereie i mars dukka den opp, men med eksamen og skule hamna den i ein haug med andre bøker på den alltid like lange leselista. Eg plukka den ganske tilfeldig ut av bunken fordi eg lengta etter ein roman – ein med litt lengde og god handling, utan for mykje kjærleiksdrama i. Etter at eg plukka boka opp, har eg knapt lagt ho i frå meg. Ordet «oppslukt» er faktisk for svakt å bruke.

Historia startar i London i 1967. Odelle, ei eksotisk mørk og karibisk jente, er lei av den intetsigende jobben på skobutikken ho arbeider på. Ho vert letta og lukkeleg når ho vert ansett på The Skelton, eit kunstgalleri. Ho vert fascinert av sjefen sin, Marjorie Quick, ei ganske unik karrierekvinne av si tid. (Dersom du har likar Mad Men, trur eg du òg vil like denne delen av boka, den er så godt skildra!) I eit bryllup møter ho Lawrie, ein kvit overklassegut. Han viser henne eit maleri han har arva av mora, og ho tek det med for å vise det til sjefane sine. Det viser seg ganske raskt at maleriet er heilt spesielt, og har ei ganske myteomspunnen og godt skjult fortid – og korleis kan det ha seg at mora til Lawrie eigde eit slik mesterverk?

I 1936 møter vi Olive som bur i Spania med si engelske, mentalt sjuke mor og sin tyske far. Ho er eit sjeldan stort kunsttalent, men tør ikkje fortelje foreldra at ho er komen inn på kunstskulen Slade. Livet hennar endrar seg likevel brått når søskenparet Isaac og Teresa dukker opp og byrjar å arbeide for den vesle familien hennar. Isaac er ein veldig politisk type med sterke meiningar, og Teresa er ei ganske hard og einsam ung kvinne. Dei tre unge menneska er alle saman gode venner, heilt til Teresa begår eit mislukka forsøk på å hjelpe Olive å få vist fram kunsten sin. Etter det, er det ingenting som vert det same att for nokon av dei.

Språket til Jessie Burton er verkeleg spektakulært godt! Det gnistrar og brenn og er så fantastisk originalt. Det er ei rein glede å lese. Detaljane i språket, i sjølve forteljinga av historia er så… nøyaktige. Dei er noko for seg sjølv, heilt fritt for klisjeer og plattheitar. Eg har eigentleg ikkje ord. (Bortsett frå dei 453 orda dette innlegget består av!)

Dette er kanskje den beste historiske romanen eg har lest nokon gongLes den! For meg var dette ei reise like magisk som det praktfulle omslaget hintar om at det skulle bli.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

 

Fra redaksjonen. Profilert Litteratur. Tidligere publisert på D1 og først publisert på www.elisecathrin.com.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here