Den forvirrande sanninga

0
1389

Forskjellen på vitskap, religion, meiningar – og løgner

Ofte – altfor ofte – ser eg forvirring omkring ulike omgrep og fenomen. Stundom kan eitt utsegn virka like sant som eit anna, og nokre tenker gjerne at me kan plukka «informasjon» som om det var smågodt i ein butikk – og mekka vår eigen «alternative sanning».

Slike forvirrande tankar har gjerne alltid svirra rundt oss, men særleg i det siste er dei vorte synlege – i kommentarfelt – og etter kvart i nyhende.

Kva handlar så forvirringa om? Det kan vera meiningar, vitskap, tru og synsing. Nokre skil heller ikkje mellom kva som er sant og kva dei likar.

Stundom er det forvirring knytt til kva religion er, og nokre trur det er meiningar. «Innanfrå-perspektivet» er mangelfullt. Sidan eg stadig må forholda meg til dette, kan eg prøva å klara opp i noko av det vanskelege:

Naturvitskap –  ikkje politikk eller religion

Naturvitskap forheldt seg til objektive sanningar der det er krav om empiri, grundige undersøkingar, statistikk og strenge krav til konklusjonane. Det er ikkje berre å «meina» noko. Eit eksempel på slik vitskap er korleis ein forsterka drivhuseffekt fører til lite gunstige klimaendringar. Dette er det nokre som likar å presentera som enten eit trusspørsmål (som religion) eller som politiske meiningar. I virkeligheten er dette altså naturvitskap, og relevante motargument vert gjennomgått av forskarar på feltet. At røyking og overvekt fører til høgare risiko for visse sjukdommar og at blodet består av ulike formar for blodceller er andre døme på naturvitskap. Noko er vitskapen klarare på enn anna, og det finns «tynne» teoriar der forskarane manglar kunnskap, som t.d. om kva mørk materie eigentleg er.

Vitskapen har ikkje svar på alt, og noko som før var å rekna som uforklarleg, er no ein del av den vitskapelege konsensusen. Døme kan vera Big bang, eller ei førestilling om at alle organismar er i slekt. At noko etter kvart vert innlemma i vitskapen betyr ikkje at dette var usant før. Fenomena er dei same. Vitskapen er i forandring når nye oppdagingar skjer, og den har sine avgrensingar.

Så er vitskapsomgrepet varierande. Kanskje er det naturvitskap me tenkjer på som vitskap. Likevel er historie, samfunnsfaga osv. store, og opererer med sine eigne paradigme og framgangsmåtar, der tru og tillit til kjeldematerialet er sentralt. Det du tenkte på i går snappar me neppe opp på labben, men du var ikkje tankelaus av den grunn. Det er mykje som er sant utan at det let seg påvisa ved empiriske undersøkingar.

Desinformasjon –  det som er mot vitskapen

Mange kan ha problem med å forstå vitskapens premissar og veit ikkje kva kjeldekritikk er, medan andre har faktisk interesse av å forvirra. Særleg dei med laber interesse for eller svak kunnskap om vitskap er lette ofre for påstandar som ikkje heng på greip. Kombinerer ein dette med ein språkbruk som kan virka vitskapeleg og i tillegg gjer inntrykk av at vitskapen er «usikker» på området kan løgnene lett festa seg, særleg om folk asar kvarandre opp på kommentarfelta eller kombinerer det med fantasifulle konspirasjonsteoriar.

Kva ligg så bak denne hangen til «alternative sanningar»? Det kan vera kunnskapsløyse, unnskyldning for å «legalisera» misnøye mot tiltak (som bompengar og fossilavgifter), behov for å vera «alternativ», manglande vilje til å finna ut av noko, ein form for stoltskap der ein ikkje vil vedgå feil, «kirsebærplukking» der ein vel ut og «trur» det som passar ein, Dunning-Kruger-effekten, kognitive manglar, bevisste løgner, trong til å vera som venene, eller konspirasjonar og vrangførestillingar i grenseland mot psykiatrien. Dette kunne vore ein heil vitskap i seg sjølv!

Politikk: Her passar det å ha meiningar!

Politikk inneber meiningar om kva som er dei beste løysingane i samfunnet. Her er det naturleg at folk er usamde, og det er fint at sakene kan sjåast frå fleire sider. Ein kan vera for eller mot kontantstøtte, beredskapslager for mat, vidare oljeleiting, aktiv dødshjelp eller bompengar. Det er normativt – me seier korleis det bør vera, og ikkje i hovudsak korleis det er. Å grunngi meiningane med fakta og logikk er sjølvsagt betre enn å la vera, men ein kan meina noko om tiltak uansett.

Religion – verken meiningar eller vitskap

Å forholda seg rasjonelt til samfunnet rundt seg er vel og bra. Skal ein forstå realfag treng me logikk. Eit kvart område treng sine lovar og sine reiskapar. At me (til ein viss grad) forstår den fysiske røynda med vårt omgrepsapparat er ikkje til hinder for å ana ei større virkelighet som er ut over det logiske.

Eit virkelighetsbilde, der me forstår universet som skapt og villa av Gud, og der Han har sett ein del reglar for korleis me skal oppføra oss, er ikkje ei normativ «meining», altså noko den som trur «vil gå inn for». Å erkjenna noko overnaturleg i tilværet er ikkje leik med meiningar. Me trur det er verkeleg. Me kan heller ikkje berre bestemma oss for å tru at jorda er flat. Dette handlar om overtydingar om korleis virkeligheten er.

Mange tar for gitt at me vel «fritt» kva me trur, men dette er komplisert. Dersom ein først er overtydd om noko overnaturleg, har hatt opplevingar, høyrd sterke historier, og sett seg grundig inn i noko, er det ikkje berre å skifta tru. Å velja religion er ikkje som å velja brød på butikken. Det er heller ikkje som å stemma på eit politisk parti. Me må slutta å lata som om slike val eigentleg er så «frie», eller at religiøst grunngjeve val er noko me «meiner» fordi me likar det. Når me trur på ei høgare makt, så vil me gjerne visa respekt og leva i samsvar med det me trur. Det er altså ikkje snakk om politiske preferansar.

Så er det stundom spørsmål om å «blanda religion og politikk». Det er uklart kva dette betyr utan eksempel, men verdidebattar er ikkje nødvendigvis religiøse. Det me trur vil uansett påvirka det me meiner. Kristne har lese om at Jesus vil at me skal ta vare på dei fattige, og at me skal ta forvaltaransvaret på alvor. Alle livssyn (både religiøse og ikkje-religiøse) har eit verdsbilete og ein etikk, og dette vil sjølvsagt påvirka oss i det me meiner om samfunnet.

Å lika eller mislika det ein trur

Kva kjensler eller lyster me måtte få av det me trur, er i mange tilfelle ikkje relevant. Vatnet renn i elvane og blodet brusar i årene anten me likar det eller ikkje, og om Gud styrer historias gang, så sluttar Han neppe med det om nokon skulle forkasta si tru. Det som finst sluttar ikkje å eksistera om ein lar vera å tru på det.

Når det kjem til politiske meiningar kan det vera relevant å lika det ein meiner, men berre til ein viss grad. Saker har ofte både negative og positive sider, og vala me tek reflekterer kva me prioriterer tyngst. Til dømes kan me lika å sleppa bompengar på veg til byens sentrum, men samstundes lika enda betre frisk luft og god plass på vegen. Eller me kan mislika synet av vindturbinar, men likevel lika utbygging av fornybar energi der det går.

Kvifor er dette så farleg? Kvifor bry seg?

Nokre av oss er gjerne oppteken av sanning, medan andre tek lett på det. Verda står overfor ein del kriser (sjølv om nokre nok nektar for det). Me held på å øydelegga det biologiske mangfaldet, endrar klimaet, slepper ut ureining i lufta, forsøplar havet for plast og driv rovdrift på ressursar. Dette kan atter førast tilbake til overbefolkning, overforbruk og at skiftet til betre teknologi går for seint. I tillegg har me ein pandemi, som gjerne ikkje vert den siste med tanke på bakteriar som er vortne resistente mot antibiotika.

Dette er ille nok, og krev at me står saman om løysingar. Det siste me treng er løgnene og forvirringa som er sett ut – og som enkelte rugar ut bevisst, medan andre er meir uskuldige ofre.

Me må vera bevisste på alt dette, setta oss inn i forskjellane – og handla ut frå det!

 

Fra redaksjonen. Profilert Valg 2021, Politikk og samfunn. Først publisert på Espelands blogg, https://petteres.blogspot.com/2021/05/den-forvirrande-sanninga.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here