Andmyran vindpark – NVE på bærtur i myra

0
4477
Foto: Fra Holmsøya, Nordland. I bakgrunnen Andøya.

Andmyran vindpark – NVE innvilga å utvide vindkraftkonsesjonen for Andmyran, i strid med nasjonale retningslinjer for myr og forpliktelsar i Parisavtalen. Store klimautslipp kan ventast ved bygging. Kvifor blei ny kunnskap ikkje lytta til?

Seksjonssjef Arne Olsen: «Det er kunnskapsgrunnlaget fra vedtakstidspunktet som skal gjelde.»
Tenk om noen sa: «Det er forurensningsloven fra bedriften sitt etableringstidspunkt som skal gjelde.» Det ville være helt absurd.

 

Vindkraftsjef Arne Olsen i NVE har vert ute no i haust og slått fast at Norge si største, eldste og djupaste myr, Andmyran på Andøya i Vesterålen er passande for vindpark. I dei samme myrene er det funne DNA-spor av gran og furu frå istida. Området var altså isfritt, og forskarar meinar det var plantar akkurat herifrå som spreidde seg over Norge og Sverige når istida tok slutt. Ved sidan av at akkurat denne myra dermed er historisk spesiell, så vil drenering og bygging her føre til enorme klimagassutslepp med CO2 og metangass.

Dette er i følge Olsen, ikkje relevant. Det er «kunnskapsgrunnlaget på vedtakstidspunktet» som skal leggast til grunn for vurderingane. Dersom klimagassutslepp frå øydelegging av myr ikkje var ei problemstilling då, kan det heller ikkje vurderast som ei no. Dermed ignorerte han innspel frå alle fagmyndigheiter og miljø og naturorganisasjonar, og innvilga søknaden om å utvide den gamle ubrukte konsesjonen som haldt på å løpe ut, til å gjelde for 5 nye år.

Eit tysk pensjonistfond, Prime Capital, har sidan kjøpt prosjektet og tar sikte på snarleg oppstart av arbeid. Miljøvernforbundet har uttalt at prosjeket vil få eit klimafotavtrykk som eit gasskraftverk, berre verre, sidan alle utsleppa kjem før ein kan begynne å produsere noko straum.

På bakgrunn av at 10% av Norge sine klimagassutslepp kjem frå tap av myr, så vedtok Stortinget 11. april 2019 forbod mot nydyrking av myr, og samtlege parti gav i merknader til vedtaket klare føringer om at anna aktivitet som øydelegg myr og bør bli forbode. At Olsen legg til grunn at oppdatert informasjon ikkje kan nyttast i nye vurderingar, sjølv når informasjonen kjem frå regjering og storting, er både sjokkerande og særs arrogant.

OED må reversere dette og gje klar beskjed til NVE om det som burde vere heilt innlysande – beslutningar skal fattast på eit best mogleg og oppdatert kunnskapsgrunnlag. Dersom ein konsesjon har ein samfunns- og miljømessig profil som ikkje lenger tåler dagens lys, må det ved søknad om forlenga frist til igangsettelse, bli gitt avslag.

For mer informasjon om Andmyran vindpark:

http://webfileservice.nve.no/API/PublishedFiles/Download/200700861/2874836

https://www.harvestmagazine.no/pan/omkamp-om-ubygde-vindkraftverk

 

 

Fra redaksjonen. Profilert Valg 2019, Innsikt. Innlegget var først publisert i fb-gruppen https://www.facebook.com/groups/vindkraftutbygging/, som har 86.185 medlemmer. Bildet har vi lagt til og er hentet fra https://commons.wikimedia.org/w/index., By Blue Elf – Own work, CC BY-SA 3.0

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here