Dei som vil øydelegga jorda

0
1838

Global oppvarming ikkje menneskeskapt? Me veit alle kva situasjon jorda er i, med stigande temperaturar, og tap av vårt eige livsgrunnlag. Me menneske er mange, konsumet er høgt og me bryr oss for lite.

Det er sjølvsagt å reagera på dette. Det er rett og naturleg å verta sint, å handla, og å bruka kraftig ordbruk mot denne galskapen. Likevel finst det – absurd nok – dei blant oss som med stort engasjement og vreide snur seg rundt hundre-og-åtti grader, og rettar sinne mot dei som forsøker å ta vare på livsgrunnlaget og jorda vår!

Oppegåande menneske ser med undring og avsky på dei altfor mange som snakkar klode-øydeleggarane etter munnen og nektar å setja inn høgst naudsynte miljø- og klimatiltak. Me snakkar om ei heil rørsle: Anti-miljø-rørsla, eller «øydelegg-planeten-rørsla»!

Kven er dei? Kven vil la galskapen fortsetja utan å lea ein finger, og kva motiverer dei eigentleg? Er det rein vondskap og trong til å øydelegga, eller er dette folk som er stokk dumme? Det er freistande å tenka slik, men svaret er nok meir komplisert.

Eg går systematisk til verks:

Korleis argumenterer og opererer dei?

Global oppvarming ikkje menneskeskapt? Ingen seier beint ut at dei går inn for å øydelegga kloden, sjølv om det er konsekvensen. Argumenta har dei uansett ofte problem med, og då må dei leita etter alternative retoriske verktøy. Typiske kjenneteikn er dette:

Selektiv vitskapsfornekting

Å nekta for vitskapen var mest vanleg før. Enten å nekta for at det eksisterer klimaendringar (etter kvart sjeldan i Noreg), eller å nekta for at drivhuseffekten vert sterkare av alle klimagass-utsleppa. Enkelte i fossilbransjen har nok tenkt at om folk trur at klimaproblema ikkje er reelle eller noko me kan bremsa, så kan bransjen vara litt lenger, og suga i seg meir pengar. Smart kome på, men det fungerer dårleg i møte med opplyste folk. Dette er no mest brukt av organiserte kommentarfelt-brukarar med hang til tunge konspirasjonsteoriar, som dei som kallar seg Klimarealistane. Dei kjem framleis med lange lenkjer til sider på engelsk som svært få forstår, men ein og annan stakkar bit nok framleis på kroken.

Både dei som pushar slikt tankegods og dei som let seg lura av det syns det er tipp topp å legga seg inn på eit sjukehus og ta imot medisin utvikla av dei same vitskapelege standardane som dei misliker, eller setja seg i eit fly utvikla av vitskapsfolk. Dei har påfallande høg tillit til annan vitskap, men nektar for nøyaktig dei delane av vitskapen som fossilindustrien i si tid ville at dei skulle tvila på! Tilfeldig? Neppe.

Vitskapsfornektarane er – naturleg nok – ikkje lydhøyre for vitskap eller argumentasjon. Dette er folk som heilt bevisst vil innbilla deg at vitskapsfolk tar feil og dei har rett. Dei er fullstendig avhengige av at folk skal tru på ein omfattande konspirasjon, der forskarar, vitskapsfolk, dei fleste ærlege politikarar og oppegåande menneske frå talrike bransjar tek feil eller prøver å lura oss.

Andre går lenger, og avviser andre delar, eller alt av vitskap. Det er eigentleg logisk, for kvifor skulle forskarar ha rett i det meste, men ikkje akkurat dette? I Amerika eksisterer det organisasjonar med oppsiktsvekkande talrike medlemmer som hevdar jorda er flat. Dette illustrerer psykologien kring fenomenet: Ei lita, djerv gruppe som er heva over resten av samfunnet og dei «arrogante» vitskapsfolka. Dette gjer at dei føler seg eksklusive og det styrkjer samhaldet.

Bagatellisering

Desse skriv gjerne setningar som «Kva betyr det kva vesle Noreg slepp ut». Det er ingen som seier at berre Noreg skal gjera noko, sjølvsagt. Men dette er ein setning klode-motstandarar i alle land brukar, og den kan tilpassast: Alle kan samanlikna eit lite område med eit stort, eller eit utsleppsområde med eit anna. Den perfekte bagatellisering. Alle med IQ under snittet går rett på limpinnen – kvar gong! Dei prøver sterkt å forklara deg at klimaproblema ikkje er noko å gjera med, og at om me gjennomfører tiltak, så vil dei andre svikta. Då er det lettare å svikta sjølv. Det likar dei.

Påstandar om olja som klimatiltak (!)

Dette er oljebransjens nyaste kort. Dei forstår at folk er for opplyste til vitskapsnekt, og anerkjenner problema, men presenterer no oljeboring som ei klimaløysing (!). Det kan òg kombinerast med bagatellisering: «Andre oljeselskap tek over om ikkje me pumpar opp vår» (Ikkje at dei får tilgang på Nordsjøen, altså, men folk bit på det.), eller at vår «reine» gass erstattar kull i andre land (som om dei ikkje har fornybare alternativ). Andre lands tilgang på fossilt brensel veks ikkje om me tek ansvar og satsar berekraftig. Det skal teiast om.

Pengefokus

Dei minner oss om at det er pengar i utslepp. Folk elskar pengar! Dei viser til miljøavgifter og alt som må betalast, samt at petroleumsbransjen har gitt landet fleire pengar enn det som forsvarleg kan brukast. Dei nemner sjølvsagt ikkje at utan livsgrunnlag vert det fint lite pengar, eller at det er på høg tid å satsa på noko nytt i eit land som er overdrive involvert i ein døyande bransje, og der prisnivået er kunstig høgt pga dette. Folk let seg lett vippa av pinnen om du snakkar om det dei elskar aller høgast! Dette argumentet er det for så vidt noko i. Når oljen forsvinn, vil nok mykje av den overdrivne rikdommen og det vanvittige konsumet gå ned, utan at det er noko krise.

Usakligheter

Dette er anti-miljø-rørslas adelsmerke, og finst i mange formar, og med eit mangfald av hersketeknikkar. Typisk er at fokuset heller vert retta mot deg som person, noko litt anna, eller heilt anna. Når dei manglar argument, så er dette det beste dei kan koma med, men det motiverer ikkje til ein sakleg debatt. Ein særs vanleg usaklighet er «whataboutism», der dei tek for seg ei anna sak, som du heller burde engasjera deg i. Det handlar om å ikkje forhalda seg til klima. Bruk av «stråmenn» er ein annan strategi, der det vert hevda at me (som er for å ta vare på jorda) meiner noko drygt, eller noko få meiner (som å legga ned oljeutvinninga over natta), for så å argumentera mot det. Eit forsøk på sverting, med andre ord.

Latterleggjering

Å latterleggjera dei som vil ta vare på kloden er utbreidd. Dei stiller trufast opp på kommentarfelta og brukar ord som er negativ ladde, som «fanatikar», og gjerne alt som er undertrykkande og banalt. Bermen elskar det! Oppegåande, nyanserte og utdanna folk, held seg som regel for god til å svara på slikt, så ved denne teknikken får dei mang eit klokt menneske til å vika unna. Det dei skriv seier sjølvsagt meir om dei sjølve enn dei som dei prøver å «sverta». Me andre ser òg ein interessant samanheng mellom uhyggelege haldningar til kloden og ekle haldningar til andre folk.

Dei kombinerer gjerne desse «verkemidla».

Kva er dei eigentlege motiva?

Først og fremst er det ei stor og sterk kraft som er verksam: Grådighet! Dette er den grunnleggande årsaka til manglande klimatiltak. Så er sjølvsagt komfort, kunnskapsløyse, redsle for å skifta meining, og kritikk frå vennar andre årsaker me kan rekna med. Kanskje òg rein skadefryd? Spør du «øydelegg-planeten-rørsla» sjølv, vil dei gi andre svar enn desse. Det ligg i korta. Kvifor skulle dei vore ærlege?

Økonomisk profitt på høgt nivå

Den mektige olje- og gassindustrien, kullindustrien, og ein desperat bilindustri, samt underleverandørane deira likar ikkje at sanninga om klimaendringane vart kjend. Dei har i årevis betalt for å dyssa dette ned, og sjølv om dei norske oljeselskapa nok har slutta med det, har bransjen og lakeiane deira spreidd forvirring omkring den globale oppvarminga, slik at dei kan halda fram litt til – helst utan at brysame menneske vil stoppa galskapen deira. Enkelte tvilsame nettsider og kommentar-aktivistar gjer framleis ein innsats for å forvirra flest mogleg. I det siste har dei gått over til å påstå at olje- og gass er klimatiltak (jf. over)

Politisk gevinst

Nokre parti har forstått at ei visse grupper er forvirra eller nektar for vitskapen, er gladare i pengar enn i ei berekraftig jord, eller trur på bransjens eigen «klimaretorikk». Stemmefiskarar har her ei nisje, og lokkar kynisk med økonomiske føremoner som avgiftslette på bilar og bensin, atter-opning av kolkraftverk osv. For politikarar er det stemmer som gjeld.

Motstand mot avgifter

Me har dei som ikkje vil betala avgifter knytt til klima- eller miljø. Pengane har gjerne første prioritet i livet og blant nokre kjem dei gjerne på andre- og tredjeplass òg. Å nekta for at klimaet er menneskeskapt gjer dei glatt, eller dei bagatelliserer. Eller nyttar fossilbransjens argument. Same det. Så lenge dei nektar for, eller bagatelliserer desse samanhengane er jo samvitet reint i eigne auge, og det då treng dei ikkje innrømma penge-fokuset. Kognitiv dissonans. Det ein ikkje trur på finst jo ikkje…

Uansvarleg livsstil

Eiga nyting og komfort har heidersplassen. Flyreiser, svært hus, hyppige kjøtmåltid og fossilbilar. Det enklaste for dei sjølve! Vrangviljen mot å endra livsstil er sterk. Å innrømma denne veikskapen er ikkje aktuelt. Å motarbeida klimatiltak er enklast! Atter kognitiv dissonans. Let seg kombinera med pengesug.

Ønske om å vera med i gjengen

Mange er redde for kritikk, eller stygge blikk. Dei vil «vera med i gjengen». Dei frekventerer gjerne miljø der hat mot miljø-arbeid er vanleg, og veit at dei som trur på forsking eller engasjerer seg må gjennom harde ord. Kanskje vert dei kalla noko stygt, eller vert sett på som ein skrulling? Sjå berre nettkommentarane! Då vil dei heller vera med i gjengen. Kanskje nikkar dei energisk på hovudet når han tøffe kameraten seier FNs klimapanel midt i mot, eller dei seier noko sjølv, medan dei plasserer rullingsen i munnvika…

Redsle for å skifta meining

For ei stund sidan var det meir vanleg å nekta for vitskapen, og dette med klimaendringane var ikkje så kjent. Då var det mange som sa og skreiv mykje rart. Så fekk dei meir kunnskap, men syntest det var eit nederlag å skifta meining. Det er sjølvsagt eit teikn på styrke å henga med i svingane, men det har ikkje denne gjengen fått med seg. Dei er livredde for å innrømma at dei har tatt feil. Då hjelper ikkje kunnskap.

Hang til konspirasjonsteoriar

Enkelte er begeistra for usannsynlege historier. Dei som avviser vitskapen er avhengig av slike, som at eit samla, internasjonalt panel av forskarar, samt dei aller fleste land i verda let seg diktera av ein vill ide som norske (?) politikarar har funne på for å rettferdiggjera miljøavgifter. Store inntekter kjem frå nettopp olje- og gass. Så det er jo merkeleg at ein nasjon som lever av akkurat dette skulle få eit slikt «innfall»? Dette er berre ein av dei fantasifulle teoriane. Det er eit mangfald av dei. Kven bit på slikt? Det kan sjølvsagt vera dei som ikkje føl med, det kan vera folk som bruker slike historier bevisst for å forvirra, dei som likar å kverulera, eller dei trur rett og slett på dei! Her skal ein vera forsiktig med å stempla, for når det gjeld vrangførestillingar er grensene mot patologisk tankegods uklare.

Kunnskapsløyse

Det finst menneske som av ulike årsaker ikkje er i stand til å setja seg inn i samanhengane, og ikkje er særleg opplyste. Kombinerer ein dette med ein naiv tillit til ein vitskapsnektar eller ein motstandar av dei gode tiltaka, så er det ikkje anna å venta. Men viljen er ikkje nødvendigvis vond, og dei kan lett koma på betre tankar.

Andre motiv

Det kan finnast andre motiv enn desse. Nokre kjenner gjerne på skam som dei undertrykkjer og desperat nektar for. Andre har kanskje lagt ned mykje slit og arbeid som oljearbeidar, ein kan ha fått kjeft av ein miljøvernar og er langsint for det, eller nokre er emosjonelt knytt til bilar og vil forsvara livsstilen kosta kva det kosta vil. Her er det nok eit vell av motiv og årsaker gøymd i kjenslevare sinn. Me treng ikkje ta lett på det, men me kan vera medvitne. Alle har sine grunnar. Nokre uttalte. Dei fleste ikkje.

Etterord og nyansering

Det er ikkje første gongen i historia det er konflikt mellom dei om vil ta vare på naturen og livsgrunnlaget og dei som vil ha kjapt utbytte til seg sjølv. Dessverre har sistnemnde gruppe som regel trekt det lengste strået, hogd det siste treet eller drepe den siste geirfuglen.

No står det mykje på spel. Det er ein kamp mellom dei som vil øydelegga livsgrunnlaget og dei som vil verna det. Det er ein kamp me skal vera særs bevisste på.

Her har eg sett fokuset på dei som yter motstand mot planeten i tale og skrift. Når det gjeld lite miljøvennlege gjerningar er det meir komplisert, fordi det ikkje er ei klar grense mellom kva som er naudsynt og kva som er uansvarleg. Mykje er sjølvsagt uansvarleg.

Tale, skrift og gjerning heng saman. Det er det me tenker, seier og skriv som stimulerer til gode val, men me kan òg delta på aksjonar, leva klimavennleg og engasjera oss politisk eller på andre måtar. Enkelte tiltak er sjølvsagt diskutable. Blant oss som vil verna kloden er det òg konfliktlinjer, som vindmøller, bompengar, når og korleis petroleumsutvinninga skal avviklast, CO2-lagring m.m. Dette er kompliserte tiltak som kan ha fordelar og ulemper, og som absolutt må kunne diskuterast.

Og ja: «Dei som vil øydelegga jorda» er ei tabloid overskrift, men kan dessverre verta konsekvensen av verksemda til den gruppa eg omtalar her. Det bør alle etter kvart forstå.

Retorikken mot dei gode tiltaka er altså vitskapsfornekting, bagatellisering, oljeforherligelse og latterleggjering. Desse «våpena» må me vera bevisste på. Og det er ein kamp. Om du er venn eller fiende av kloden, veit du best sjølv, men det du skriv og seier viser kvar du står i kampen!

 

Fra redaksjonen. Profilert Politikk og samfunn, Hot spot. Innlegget er først publisert på Petter L Espelands blogg, https://petteres.blogspot.com/2019/10/dei-som-vil-ydelegga-jorda.html. Vi har lagt til bildet. 

 

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here