«Myrkongens datter» av Karen Dionne

0
2848

Dette er ein utruleg original thriller. Eg trur eigentleg ikkje eg har lest noko liknande. Då tenker eg spesielt på plottet, for språket er slik det er hos dei fleste spenningsbøker – helt ok, men ikkje noko utprega. Denne boka blei utgitt tidlegare enn planlagt, kanskje det er derfor korrekturen er litt slapp? Men der omsetjinga sviktar, er det lett å forstå kva originalteksten må ha vore – og den er god. Språkleg er det beste skildringane av oppveksten til Helena, utan tvil.

Handlinga er lagt til den nordlege midtvesten, Upper Peninsula i Minnesota. Den rå og krevande naturen som dekker mesteparten av området er fantastisk godt skildra og atmosfæra heng igjen i heile boka. (Det er nesten så lufta vert litt fuktig av myr og tåkefull der ein sit og les!) I dette miljøet vaks Helena opp som einebarn. Faren var indianer, og ho kjenner naturen som si eiga bukselomme. Å finne spor, jakte på bjørn, lage medisinar, flå dyr; alt er innanfor hennar komfortsone. Hytta ho vaks opp i var primitiv, utan straum og toalett. Ikkje at Helena tenkte noko over dette før ho vart tolv år gamal og forsto kvifor ho og mora budde åleine med faren: dei var fangane hans. Då ho var fjorten år gamal, vart mora til Helena kidnappa av Jacob Holbrook. Helena ender opp som resultatet av utallige valdtekter.

Historia startar med at Helena, no 27 år gamal, høyrer på radioen at Jacob Holbrook – «Myrkongen» – har drept to vakter og rømt frå fengselet han sona straffa si i. Fengselet er merkeleg nok ikkje langt i frå heimen deira. Panikken jager gjennom henne og ho henter dei to døtrene ho har, livredd for at han skal ta ein av dei eller begge to. Ho forstår at ho må fortelje ektemannen om dette tidlegare livet sitt, men politiet slår henne på målstreken. Ektemannen Stephen tek døtrene til foreldra sine. Helena bestemmer seg for å ta opp jakta på faren, for ho er sikker på at politiet aldri vil klare å spore han opp. For ho er langt i frå redd for faren sin, sånn eigentleg. Faktisk er ho veldig glad i han, synest mest synd på han. I sine eigne auge var han ein god og omsorgsfull far, og ho slit med å sjå han som det monsteret alle – inkludert hennar eiga (og no avdøydde) mor – påstår at han er.

Boka er kjempespennande! Helenas jakt på faren er verkeleg noko nytt. Sjølv om spenninga daler litt når vi høyrer om Helenas oppvekst i «hytta» og det ikkje er «spennande» i tradisjonell forstand, så er likevel barndommen hennar så utruleg spesiell og interessant å lese om. Alle naturopplevingane, indianarkulturen og eit barns syn på hennar psykopat av ein far – det er så drøyt bra. Skildringane er nakne, tidvis brutale, men alltid truverdige.

Midt i blinken for alle fans av Flink pike, Bak lukkede dører og så vidare. Det er berre å byrje å lese!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Dette innlegget vart først publisert på https://elisecathrin.com/2017/06/28/myrkongens-datter-av-karen-dionne/

 

 

Fra redaksjonen. Profilert, bøker og bokmanus

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here