«Miss» av Synnøve Sun Løes

0
2794

Eg synest Aschehoug er utruleg flinke på å utgi gode ungdomsromanar, spesielt årets bøker. Dette er ein av dei beste (så langt). Det er ein ungdomsroman som gjerne vert overgangen mellom ungdomsbøker og «vaksenbøker», som gir deg det vesle pushet til å lese noko større.

Ea er ei overvektig vestkantjente som ikkje passer inn nokon stad. Ho heklar kjæledyrbikiniar som ho sel på nett, ser mykje reality-tv og et. Et MYKJE. I første halvdel av boka er ho ganske nedfor og sint. Tanta hennar (også overvektig, ei fri kunstnersjel) har tatt livet sitt, og ho sørger. Ho går til psykiater, men kjem ingen vei. Ho vil ikkje gjere som legemora hennar vil – slanke seg. Kvifor skal ho tilpasse seg nokon som helst? Men så dør psykiateren. Ho kranglar med bestevenninna. Mora vert deprimert. Faren hamnar på sjukehus. Sjølv om Ea fortsetter å vere sjølvstendig, vanskeleg og eigenrådig, må ho ta ansvar. Og ho liker det litt meir enn ho trudde ho ville.

Miss er ein samfunnskritisk roman som tek eit oppgjer med kroppspress, einsemd, sosiale normer og sosiale medier. Med letthet leikar Løes seg gjennom alvorlege temaer utan å bli respektlaus. Ho klarer å halde tonen enkel, naturleg og ikkje minst forståeleg. Eigentleg er det forbløffande kor fint ho handsamer tema som overvekt, terapi, einsemd og depresjon. Det er ingenting som er overkomplisert i boka, og det er nesten unormalt kor autentisk Ea verkar som ungdom, kvinne, jente og menneske. Eg kjente meg sjølv igjen mange ganger.

Boka er delt opp i ganske små avsnitt, som er veldig ulike. Her er litt brev til den avdøde tanta, litt lister, samtaler, «fakta om…» og rein handling. Og utsnitt frå Eas sjølvbiografi, Livet til en tjukkis. Boka er stappfull av anekdoter, filosofi, historie og sterke kvinner. Det einaste negative eg har å seie om boka er at dei engelskpråklege orda som er med, ofte er feil. Loserskrivast «looser», i «time’s up» er apostrofen sløyfa, og slikt. Men eg er villig til å oversjå dette, og erklære dette som ein av årets beste ungdomsromanar. Bør òg lesast av vaksne.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Dette innlegget vart først publisert på www.elisecathrin.com.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here