«Kven er redd?» av Carl Frode Tiller

0
228

For eit skodespel! Ein må faktisk snappe etter luft her, jo. Dette er verkeleg morosamt, og det går slag i slag. Eg lo høgt fleire gonger, og humra konstant for meg sjølv. Det første eg gjorde no når eg sette meg foran Macbooken (etter å ha lese heile greia i eit strekk) var å leggje alle bøkene til Tiller på ynskjelista mi. For denne fyren veit tydelegvis kva han driv med.

Stykket “Kven er redd?” handlar om Bjørn. Bjørn er middelmådig i det meste: som skodespelar, ektemann, far, menneske generelt. Han er til og med middelaldrande (snakk om gjennomført type!). Han og kona har eit ganske anstrengt forhold, men ikkje fullt så anstrengt som det han har til borna sine eller svigerforeldra, eller sin eigen far. Men det er heller ikkje langt i frå. Bjørn spelar hovudrolla i eit stykke kalla “Hvem er redd for Virginia Woolf”, og etter kvart kjem Bjørn sine eigne redslar fram. Mellom kvar “familiescene” er det ein monolog av Bjørn, der han snakkar direkte til publikum.

Eg har ikkje tenkt å avsløre meir, berre at stykket er fantastisk (så om nokon vil setje det opp, tek eg gjerne på meg rolla som regissør og castingansvarleg, for eg har allereie den perfekte skodespelaren i hovudet i rolla som Bjørn). Sjølv om du ikkje les drama til vanleg, vil du nesten ikkje merke det, det er like lettlest som ein roman. Såpass skildrande, og likevel ikkje dikterande, er sideteksten. Eg anbefalar skodespelet på det varmaste!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Innlegget var først publisert på www.elisecathrin.com.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR