«Hjertet er en ensom jeger» av Carson McCullers

0
3136

19. februar var det 100 år sidan Carson McCullers var født, og i haust kom nyutgivelsen av Hjertet er en ensom jeger (originalt utgitt i 1940). Eg vart ganske overraska over at boka var så gamal, for eg synest den verka så moderne når eg først starta å lese. Eg tenkte i alle fall 1960-åra. Og så tenkte eg at forfattaren var ein mann. Men what, det var ei tjuetreårig ung kvinne som skreiv boka (det er ho som er avbilda på omslaget). Og ho har skrive tre andre romanar pluss ei novellesamling. (Blir ikkje sjokkert om dei kjem på nytt på norsk snart, med tanke på den sjuke populariteten denne boka her har oppnådd.)

Boka handler om fem-seks karakterar i Sørstatane på slutten av trettitalet, som alle i meir eller mindre grad roterer rundt den døvstumme John Singer. Alle har sitt å stri med, og føler Singer er den perfekte lytter (ironisk nok). Det er både unge og eldre, kvinner og menn som liker og føler seg knytta til Singer. Singer sjølv, er derimot håplaust einsam og utrøysteleg etter at vennen Antonapoulos vart sendt til eit asyl (med god grunn, altså). I liva til desse menneska skjer det eit par store hendingar, men det meste er kjedeleg (utan at boka er kjedeleg). Men slik er vel dei fleste liva våre. Det er dessutan ikkje handlinga som gjer denne boka verdt å lese, det er alle dei psykologiske innsyna, temaa, og den menneskelege innsikta.

Som sagt trudde eg boka var nyare når eg starta å lese, rett og slett på grunn av den naturlege skildringa av ulike raser i boka. Rasisme er eit veldig lite tema i boka, det er ikkje mykje hat mellom farga og kvite, og mange har vennlege forhold. Og så er et ein svart lege. Eg visste ikkje at farga hadde lov å ta utdanning på trettitalet, og spesielt ikkje i Sørstatane? Vel, ein kan jo sei at boka var lærerik.

Språket er veldig poetisk, og stort sett forteljande. Perspektivet er sett litt utanfor karakterane sine hovud, og ein føler verkeleg at ein blir fortalt ei historie. Til tross for at det var skikkelig kvalitetslesing, så var det ikkje ei historie som fanga meg og vil bli sittande for alltid. Denne boka passer for deg som ikkje er så glad i underhaldningsromanar og krim, men foretrekker “djupe” bøker. Og om du synest Stoner var for lettlest, er denne midt i blinken. Og uansett, så er det verdt å prøve seg på denne moderne klassikeren. Kanskje treff den deg rett i hjartet?

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016 (1940)

Dette innlegget vart først publisert på www.elisecathrin.com.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here