«Djevelen i den hvite byen» av Erik Larson

0
1946

Denne boka er perfekt for alle som elska sesong 5 av American Horror Story: Hotel, enkelt og greitt fordi mykje av sesongen er basert på dette (sjuke) hotellet til (den sjukare) H. H. Holmes. Sjølv om boka i seg sjølv ikkje tek for seg så mykje av det som skjer på hotellet (det er jo ein dokumentar/true crime, så alt er jo basert på fakta, og fakta er noko av det som rett og slett manglar her).

Det vi derimot får vite mykje om, er korleis Holmes starta svindlar, forhold til unge kvinner som forsvant og bygginga av hotellet, «festningen». Unge kvinner som han ansetter slutter å kontakte familien sin, flytter utan ord, går fra menna sine, drar på ferie. Å skjule drapa sine var ikkje eit problem heller, hugs at dette er på slutten av 1800-talet og du kunne skifte namn, forfalske signaturar og spre rykter om kor folk befant seg, og korleis skulle nokon kunne avsløre deg? Det er skremande å tenke på alle menneska han hadde kontakt med, alle etterforskarane han snakka med som ikkje mistenkte noko som helst fordi han smilte og var sjarmerande.

Det er kanskje litt vel mykje arkitekturhistorie inn i biletet i forhold til den faktiske historia om H. H. Holmes, men kapitla om Holmes og arkitekten Burnham er separate, så du kan fint hoppe over dei om du vil (sjølv om du kan lære vanvittig mykje, som at verdsustillinga  var opphavet til eden skolebarn les i USA kvar dag, pariserhjulet, spraymaling og mykje meir). Boka er true crime, og skummel. Eg fikk faktisk mareritt – folk er (faen) ikkje friske.

Forlag: Font forlag
Utgivelsesår: 2016

Dette innlegget vart først publisert på www.elisecathrin.com.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here