Dei tenkande dyra

1
1731

Som menneske er me opptekne av tankar, kjensler og intelligens. Dette definerer oss, og det er ikkje grunnlaust at me briskar oss med artsnamnet Homo sapiens.

Tankeverksemd er ein eigenskap me har gitt høg status i forhold til muskelstyrke, smidighet og snøggleik. I idretten er rett nok desse eigenskapane viktige, men der veit me at enkelte dyr grusar oss utan eingong å ha trena på førehand.

Når det gjeld intelligens og tankekraft derimot, er me på topp. Kan me til tider verta litt for høge på pæra? Nokre av oss er sjølvsagt alltid det, men eg tenkjer på måten me ser på oss sjølve som art. Er me så geniale som me trur? Hadde me greidd oss lenge i naturen åleine og utan hjelpemidlar? Som art har me trakka rundt på denne planeten i over 200 000 år, og resultatet av vår «intelligens» var lenge berre at nokre få av oss så vidt overlevde.

Dei store sivilisasjonane er relativt ferske og dei mest geniale oppfinningane har me nytt godt av i løpet av dei siste tusenåra. Det er dette som får oss til å sjå på oss sjølve som intelligente. Men det tok tid å koma der me er no. Ein god del samantreff, som dyrking av nyttevekstar, tamme dyr (som hesten), metall og gode kommunikasjonar over store avstandar og over svært lang tid gjorde sivilisasjonar mogleg. Grundig og systematisk opplæring, skriftspråk, kapital og nokre få verkelege geni, som kunne lesa seg opp på tidlegare erfaringar og utvikla nye oppfinningar og system gjer at me no kan trykka på brytarar slik at maskinene våre fungerer. Gjer dette at fleirtalet av oss eigentleg er intelligente?

Menneskets spesialtrekk er nok i høg grad knytt til evna til å kommunisera abstrakt, samt samla og læra frå oss store mengder informasjon. Effektivt samarbeid i store grupper gir resultat, og finmotoriske nevar som kan nytta reiskapar er òg ein føremon. Likevel: Det meste me driv på med til kvardags er rutine og etteraping.

Dyras tankeverksemd

Intelligens og kjensler er ikkje typisk for vår eigen art. Det er mangfaldig og utruleg kva ulike dyr kan meistra, og eg let meg ofte fascinera av imponerande dyrehistorier. Særleg pattedyr og fuglar viser teikn til både tankeverksemd og kjensler. Mange pattedyr kan ha ansiktsuttrykk og kroppsspråk som me forstår, medan fuglar helst lagar lydar for å visa kjensler, og er noko verre for oss å tolka.

Historia er full av merkelege tankar. Filosofen Rene Descartes trudde dyra var sjellause individ som ikkje kunne føla eller tenka.

I dag er det opplagt at mange dyr har kjensler og medvit. Talrike vitskapelege artiklar, samt mangfaldige erfaringar med og observasjonar av dyr, viser oss den omfattande tankeverksemda og det avanserte kjenslelivet me finn hjå dei. Ryggbeinsdyr (virveldyr) har det nevroanatomiske, nevrokjemiske og nevrofysiologiske grunnlaget for medvit og evne til å handla med intensjon, står det i The Cambridge Decleration on Consciousness in Non-Human Animals (2012). Alle som har vore i kontakt med dyr, veit intuitivt at dei i stor grad er som oss.

Menneskeaper, kvalar, delfinar, flaggermus og fuglar som papegøyar, songfuglar og kolibriar har eit rimeleg utval av lyder med forskjellig meiningsinnhald.

Bonoboen Kanzi.

Blant sjimpansar er 30 lydar tolka og «kartlagd», og dei har elles mykje kroppsspråk. Bonoboen (dvergsjimpansen) Kanzi er kjend for å ha lært over hundre ord, og sett saman enkle setningar av desse. Orda var lagt inn som symbol på eit stort tastebrett. Han kunne òg laga steinverktøy på høgde med tidlege steinalder-menneske. Å laga enkle reiskapar er det forresten fleire dyreartar som kan.

Elefantar er sjølvmedvitne og kan kjenna seg att i ein spegel. Dei hugsar godt , og veit kvar dei gode vasshola er heile livet. Det er òg tilfelle der dei viser dei døde respekt, og kan ha sansar me gjerne må karakterisera som telepatiske. Dei kan ha godt utvikla empati, noko som til og med løver og mus òg har vist seg å ha. Den empatiske responsen vert då handsama av dei same hjernemekanismane som menneskeleg empati. Ei delfinart (tumlarar) har utvikla eit avansert språk, der dei kallar kvarandre ved namn. Dyr som vert brukte som forsøksdyr er valde ut fordi dei liknar oss menneske – anten fysisk, eller i måten dei tenkjer og reagerer på.

Dei mest intelligente fuglane er gjerne papegøyar og kråkefuglar. Mange fuglar brukar reiskapar, og enkelte klarar òg å forma eigne verktøy. Kråker kan til dømes bøya ståltråd slik at den fungerer som ein krok, for å fiska opp mat, og kan hugsa fleire hundre stader dei har lagt att mat.  Fuglane utviklar òg kulturelle særtrekk, som måten de flørtar og syng på, slik at åtferda ikkje er lik sjølv innan same art. Papegøyar kan som kjent læra mange ord, er fleksible, kan ta avanserte vurderingar og gi individuell respons. Fuglar bryr seg om andre enn seg sjølve: Dei matar som kjent ungane sine, og dei fleste fugleartane dannar par og viser teikn på sorg når avkom eller partnaren døyr. Skjora består til og med «spegl-testen» (kjenner seg sjølv att i spegelen).

Andre dyr har gjerne ikkje ein så imponerande intelligens, men er likevel kjenslevare. Kyr knyter seg til kvarandre, og har definerte vennar innan flokken som dei har vanskeleg å skilja seg frå. Sauer kjenner ansikt godt, og kjenner kvarandre att på lyden. Gjæs knyter seg til ein partnar heile livet (kan leva i 20 år), og når partnaren døyr kan dei vera tydeleg prega av dette i opp til eit år. Hønsefuglar har velutvikla kommunikasjon der dei nyttar lydar og andre signal. Sosiale aktivitetar, som å bada i støv eller jord, er viktig for dei. Kyllingane vert lærte opp av mora kva som kan etast, og utviklar symbol- og talforståing langt raskare enn menneskebarn.

Det er kanskje mykje oppramsing, dette, og det er sjølvsagt berre nokre få og nesten tilfeldig utvalde døme. Det er laga mang ein god dokumentar om dyras tanke- og kjensleliv. For nokre år sidan gjekk dokumentaren Dyrisk kjærleik (Animals in love) og I hodet på et dyr på NRK. Elles er det eit mangfald av både kunnskap og filmklipp å finna på nettet om dette.

Ein logikk slår sprekker

Det finst dei (det vert nok færre av dei med åra) som prøver å få oss til å tru at me menneske konsekvent har høg intelligens medan dyr har låg, eller at menneske er dei einaste som har fornuft og moral. Dei brukar slike uriktige argument for å rettferdiggjera måten me behandlar dyra på, og for å oppretthalda deira rettslause status. Forsking og eksempel som viser dyras tankar og kjensler er sjølvsagt uinteressant for dei å få fram.

Eg veit ikkje om eg når inn til dei som meiner dette, men at nokre dyr i konkrete testar har scora høgare i intelligens enn enkelte menneske, skulle effektivt setja ein stoppar for sjølve «logikken». Dei som framleis skulle ty til «intelligensforskjell-argumentet», avslører ein mangelfull logisk sans, noko som, paradoksalt nok, ikkje er særleg intelligent. Er dei då samde i at dei bør gjerast like rettslause som dyra? Sjølv tek eg avstand frå den logikken. Kanskje er det slik at di høgare intelligens ein har, desto klarare forstår ein kor like me er andre skapningar? Innsikt i korleis dyr er, korleis dei føler og tenkjer må få større etiske konsekvensar. Det er ei eiga sak, men den er omfattande og viktig.

 

 

Fra redaksjonen. Profilert Valg 2018, Politikk og samfunn. Innlegget er først publisert på Petter Espelands egen blogg http://petteres.blogspot.com/2016/11/dei-tenkande-dyra.html. Vi vil takke Espeland for republisering på D1. Når det gjelder programmet I hodet på et dyr, som det refereres til i innlegget, så kan interesserte skaffe tilgang til Chris Packhams serie her: https://www.imdb.com/title/Insidetheanimalmind

Facebook kommentarer

1 kommentar

  1. OK. La oss si at naboen har en sønn du ikke kan fordra. Så har han en hund som du elsker, og elsker deg.
    Hvis huset til naboen brenner. Hvem vil du prioritere først, sønnen eller hunden?

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here