«Usynlighetens historie» av Martha Batalha

0
2862

Er du ferdig med alle bøkene til Ferrante, seier du? Vil du ha noko liknande, men veit ikkje kva? Eller synest du kanskje Napolikvartetten var litt for lang og utfyllande? Då har eg faktisk boka for deg! Skrivestilen er ganske lik Ferrante sin, men med meir tempo (og på bokmål, ein gladnyhet for alle som klager over nynorsken til omsettinga) og litt meir varme og humoristisk snert!

Rio de Janeiro, Brasil, i overgangen mellom femti- og sekstitallet: Eurídice er ei ung kone, som meistrar livet som heimeverande litt for godt. Ho trosser den gammaldagse ektemannen og skriv ei oppskriftsbok, starter å sy kjoler til seg og alle nabokvinnene. Når mannen set ned foten og ho gir opp hobbyane sine, dukker den forlengst forsvunne systera Guida opp att. Guida, som stakk av som tenåring med guten Marcos som raskt forsvinn, og deretter måtte oppfostre sonen sin på ein litt ukonvensjonell måte. I tillegg møter vi mange andre karakterer, som alle er noko for seg sjølve, som bokhandlaren Antônio. Og gjerne mora og bestemora, kjapt oppsummert.

Dette er ei veldig, veldig spesiell og fin lita bok. På knappe 250 sider med nesten uanstendig brei marg vert historia lagt fram. Det er ei lågmælt, humoristisk (eg flirte mange gonger undervegs), søt og til tider makaber bok. Eg kan faktisk ikkje skryte nok av språket oversetter Kaja Rindal Bakkejord har skapt her. Omsetjinga verkar heilt saumlaus, og det var absolutt ingenting eg stussa over. Teksten flyt fantastisk lett, er morosam, seriøs, underhaldande, akkurat passe objektiv og passe sarkastisk, poetisk og fargerik! (Og om du har lest De syv søstre av Lucinda Riley, vil du kanskje kjenne igjen miljøet i Rio de Janeiro på første halvdel av 1900-talet.) Perfekt for alle Ferrante-fans!

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2017

Dette innlegget vart først publisert på www.elisecathrin.com.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here