Herregud, for ei fantastisk bok! Absolutt alle som er fans av The Handmaid’s Tale (bok eller serie), bør plukke med seg et eksemplar av denne futuristiske romanen. Margaret Atwood har jo sjølv rosa den opp i skyene. Og sjølv har eg allereie bestilt dei tre andre romanane hennar, for dette er ein forfattar eg vil lese meir i av.
Tenk deg at vi er fleire tusen år inn i framtida. Tenk deg at kvinner er det sterke kjønnet. Tenk deg at ein mann ved namn Neil Adam Armon (stokk om dei bokstavane litt, då) sender ein mail til sin kvinnelege kollega Naomi Alderman og spør om ho vil lese bokmanuset han er ferdig med, The Power. Dette manuset er altså sjølve romanen, ein historisk roman, som han kallar det (for handlinga er frå vår tid, så for framtidige menneske er jo dette historisk). Det er ei utrulig kul vinkling.
Ei jente oppdager at ho kan gi ein mann elektrisk sjokk, brenne huda hans ved berre å ta på han. Ei anna oppdager at ho kan det same. Det viser seg kjapt at nesten alle kvinner har eit innebygd «skein» ved kragebeina, som gir dei denne elektrisiteten, som kan skade og ikkje minst drepe. Opprøra byrjar, og det tek ikkje mange år før kvinnene har teke over land, militær, makt og ein full krig bryt ut. Gjennom desse ti åra følgjer vi den amerikanske politikaren Margot og hennar datter Jocelyn; fosterheimsjenta Allie som vert leiaren for ei ny religiøs rørsle; Roxy, dottera til ein engelsk mafiaboss; og den nigerianske journalisten Tunde, ein av dei få menna som klarer å skaffe intervju med kvinnene om denne nye krafta og det nye samfunnet.
Dette er grusomt godt skrive, og ikkje minst fascinerande til tusen. Problemstillinga er jo ikkje reell, men det gir eit ganske stygt speilbilete av dagens samfunn. Mange av handlingane i boka er skikkelig fæle, men det er ingenting kvinnene her gjer som menn ikkje allereie har gjort. Eigentleg er det litt omvendt av The Handmaid’s Tale (der kvinnene blir fratatt makta), men det er likevel mykje politikk og religiøs ekstremisme som ligg bak også her. Det er ein spennande idé, som eg synest Alderman har gjennomført knallgodt. Boka er så langt ikkje omsett til norsk.
Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2016
Dette innlegget vart først publisert på www.elisecathrin.com.