Eit stendig gjenteke spørsmål i norsk presse er kva vi skal leva av etter olja? Sett i ljos av at vi bruker rundt sju kaloriar, det meste frå olje, for å bringe fram ein kalori i form av mat til sluttbrukar, kan dette tykkjast som eit godt spørsmål. Men det er neppe dette journalistane har i tankane.

Truleg tenkjer dei mest på korleis vi skal kunne oppretthalde forbruk, velferdssystemet og pensjonane, og ikkje so mykje på brødet på bordet. Rett nok lev ikkje menneska av brød åleine, men mykje tyder på at vi bør fokusere meir på basisbehova.

Eit betre spørsmål frå journalistane ville vore å spørje korleis vi skal overleva i framtida, men dette er ikkje ei overskrift som sel aviser. Framleis vert dei fleste eg talar med distanserte eller nærast aggressive når eg reiser desse perspektiva, og dei parerar gjerne med noko slikt som at dommedagsprofetar har vore rundt i tusenar av år. Rett nok kjem desse åtvaringane òg ovanfrå, men diverre er det ikkje ein vreid Gud som trugar menneskjeslekta med armod og pinsler denne gongen, men ei rekke satellittar som går i bane rundt moder jord og overvakar helsetilstanden hennar.

Det er absurd å være biolog i dag. Vi beskriver daglig hvordan verden i et umerkelig tidsglimt ødelegges og tømmes for ressurser. På noen tiår endres de globale økosystemene. På 12 måneder brukes nå 17 måneders naturproduksjon. Seksti prosent av jordas økosystemer er sterkt skadet. Klimaendringene er bare en bit av dette. Dette er ikke «å tegne et dystert bilde», slik Torgeir Micaelsen sier. Det er å vise til hva FN, UNEP og de store forskningsinstitusjonene advarer verden med (se www.grida.no og www.cs-n.org). Kan vi tro på at ny teknologi kan gjenskape rent vann, matproduksjon og erstatte rensende økosystemer på globalt nivå? Det kan nå se ut som om «vi» tar sjansen på at mirakelløsninger vil dukke opp. Når oljen blir borte er krisen et faktum. Det vil de unge oppleve.

I denne settingen jobber forskning, private og offentlige institusjoner i alle land kortsiktig og enøyd med «verdiskaping, innovasjon og utvikling av nye markeder», med formål å produsere flere dingser, reiser, forbruk eller tjenester som skal konkurrere ut andre. Arbeidsplasser brukes som skalkeskjul. Bærekraftig industri blir aldri satset på om det ikke er profittgivende; målet for hele økonomien er å generere penger. Til dette forbrukes natur, de ekte verdiene som er framtidas mat, hus og klær. Det jaktes på mer energi, ressurser, mineraler, fiber, arealer og mat som omdannes i «markedet» til symboler. Pengesymboler som i børsene bare kan ses på dataskjermer og utskrifter.

Torgeir Micaelsen kaller symbolene «eierskap i verdens produksjonskapasitet». Hva skjer når verdens vegger av begrensede ressurser nås, og produksjonen stopper? Vil verden ha datasymbolene våre, i bytte mot at «vi» tar mat og klær ut av munnen på de som jobber? I en verden av knapphet er børsservere verdiløst spesialavfall. I dagens politiske virkelighet er de redningen for barn og barnebarn. Terje Bongard og Eivin Røskaft

Kvifor vert ein møtt med ein slik likesæl, latterleggjerande eller aggressiv reaksjon viss ein peiker på at økosystema ikkje taklar livsstilen vår, sjølv om ein gjer sitt beste for ikkje å vera moraliserande? Sjølv trur eg det har å gjera med at det rører ved sjølve eksistensen vår, våre djupaste drifter.

For mellom cirka 2,2 millionar og 200.000 år sidan evolverte slekta Homo seg ikring Riftdalen i Aust-Afrika*, i ei verd som tyktest uendeleg. Menneskehjernen er forma av desse tilhøva, og er fyrst og fremst eit reiskap for å bringe genane vidare. Hjernen er på eit vis påfuglhalen vår, då han både er energikrevjande og gjer fødsler til ein risikosport. Evolusjonært er poenget med hjernen å tilegna seg status og ressursar, for hankjønnet direkte og for kvinnekjønnet indirekte gjennom makeval.

Det vert sagt at ein rik mann er alltid vakker. Dette vart godt illustrert i den klassiske Burger King-studien av Townsend og Levy (se studien fra 1990), der vakre og mindre vakre modellar av begge kjønn vart utkledde med uniformer som signaliserte ulik status. Hos kvinner trumfa Rolex-klokka over Burger King-uniforma, sjølv om hamburgarmannen hadde mykje flottare utsjånad. Denne samanhengen fann ein ikkje hjå menn.

Clinton og Trump, døme på menn med høg sosio-økonomisk status.

Det er sjølvsagt lite flatterande for mennesket å sjå seg sjølv i dette ljoset, i grunn og botna er vi fikserte på sosial og økonomisk, såkalla sosioøkonomisk status. I dag, grunna det tradisjonelle ekteskapet si oppløysing, ser vi dette tydeleggjort gjennom den auka tendensen med seriepolygami, der menn med høg sosioøkonomisk status inngår både to og tre kull. På eit vis er dette ein meir brutal form for polygami enn den tradisjonelle, der ein i det minste haldt på den gamle kona. Delen av barnløyse menn i førtiåra er aukande, med dei konsekvensane det fører med seg for samfunnet.

Syndefallet kom ikkje like brått som ein kan få inntrykk av gjennom skrifta, men kan heller sjåast som ein langdryg evolusjonær prosess. Ein ting er i alle fall sikkert, arvesynda er eit faktum, vi vert fødde som aggressive, grådige, baktalande, ambisiøse, makt- og ærekjære egoistar. Heller ikkje dette er noko å vera stolte over. Kombinert med eit system som let desse eigenskapane bløme fritt, den globale kapitalismen, implementert gjennom snart ni milliardar menneske, ser framtida dyster ut. Ikkje minst ser vi dette gjennom Kina sin aggressive globalkapitalisme dei seinare åra, driven fram av millionar av testosteronbombar som slåst om gunsten til eit stort mindretal fruktbare kvinner grunna eittbarnspolitikken.

Ein tredje orsak til at folk ikkje orkar å ta inn over seg konsekvensane av sviktande økosystem, trur eg ligg i at denne erkjenninga gjer arbeidet vårt meiningslaust.

Ressursene som trengs til framtidas mat, hus og klær må lagres, resirkuleres og forvaltes slik at de vil være tilgjengelig i framtida. Satsingene på «grønn teknologi» er minimale og overfokuserte. En arbeidsplass i dag innebærer i praksis en fare for etterkommerne, i stedet for å bygge trygghet for framtida. Terje Bongard og Eivin Røskaft

Ingen arbeidsplass som er vikla inn i det kapitalistiske systemet slepp unna, vera det seg som lækjar eller utmarksforvaltar. Løna er ei avkasting av verdas produksjonskapasitet, som parasitterer på produksjonskapasiteten til økosystema. Det kapitalistiske systemet er som ein parasittisk sopp som snart har infisert alle økosystema med eit fint nettverk av pengemycel.

Det norske samfunnet, forskning, EU og internasjonal kapital gjør sitt ytterste for å omsette klodens ressurser til symbolet penger. All kapital, også Pensjonsfondet, investeres videre i produksjon som bidrar til at forbruket av natur og ressurser øker over hele jorda. Lønnsomhet bygger jo nettopp på forbruk av ressurser, i form av olje, metaller, transport, matproduksjon eller andre varer eller tjenester. Pensjonsfondet bruker derfor opp ekte ressurser som både er pensjonistenes og deres barnebarns mat, hus og klær. Verken gull, kunst eller kapital kan spises eller bos i. Pensjonsfondet bør derfor omdøpes til Pyramidespillfondet. Terje Bongard og Eivin Røskaft

Å bora i Lofoten for so å dytte ytterlegare milliardar inn i Pensjonsfondet, vil berre framskynde dette sitt fall. I same stunda risikerer vi å øydelegge naturkapitalen, den verkelege kapitalen som gjev mat i magen. Lofoten er gytegrunna for mykje av fisken i Barentshavet, desse områda heng i hop. Forsking viser at torskelarvar er særleg ømfintlege for oljeutslepp. Lofoten – Barentshavet husar 93 prosent av torsken, 85 prosent av hysa, 64 prosent av silda, 57 prosent av rekene og 50 prosent av seien. Tall frå Fiskeridirektoratet viser at Lofoten og Vesterålen i einskilde år stend for opp mot 17 prosent av den norske fiskefangsten.

Foto: Øyvind Holmstad

Diverre sit politikarane våre fast i kva Bongard kallar for pengefella, då kjenslene våre sidestiller ein fullstappa bankkonti med å ha stabburet fullt av mat og skålen full av ved. Men når verdsøkonomien stangar hovudet i ressursveggen er det berre naturalia som vil vera noko verdt, ein pengeservar vert då inkje anna enn spesialavfall.

Det vert sagt at folket får dei politikarane dei fortener. Eg veit ikkje, politikarane er vel berre som folk flest, med hovudet godt planta i Riftdalen. Eg skjønar dei vel, å klatre opp på kanten av denne dalen er inga trivelig oppleving, kvar ifrå vi kan skode ned på oss sjølve i all vår gru. Her oppe frå kanten av Riftdalen ser vi òg at verda ikkje er uendeleg, ho har svært skjøre grenser.

Berre eit fåtal av oss har våga å stikka hovudet over kanten til Riftdalen. Ikkje det at vi er noko betre enn andre, vi er alle som brikker i eit stort maskinmonster som riv verda i filler, og vi maktar ikkje å koma oss laus. Men vi er ikkje stolte av det arbeidet vi gjer for dette monstret, vi skammar oss over å gå på jobb, då vi veit at vi riv grunna unna føtene på ungane våre.

Ofte vaknar eg tidleg om morgonen full av kval over framtida til den toårige dotter mi, der ho søv so umedvete om alt dette eg ligg og grublar på, pensjonsfondet på 3700 milliardar gjev meg inga ro. Folk er so hysterisk opptekne av pensjonar for tida, det er mest som om kva du kan venta å få i pensjon er hovudoppslag i media annankvar dag. Helst skulle eg vel allereie ha starta ei pensjonsforsikring for dotter mi, ho som søv so trygt innåt mor si. Men eg er ikkje oppteke av det, kanskje får eg sjølv nokre slantar i pensjon, for dotter mi har eg inga von om det. Får ho oppleva å eta fersk skrei til middag på sine gamle dagar, i lag med barneborna sine, slik vi åt det i dag, er dette mitt høgste ynskje. Eg har ikkje noko høgare ynskje for framtida.

Å ha hovudet i Riftdalen er som å ha hovudet under armen, vi er dummare enn strutsen som stikk hovudet i sanda. For dei få av oss som ser kor det ber har vi ikkje noko parti å stemme på. Vi treng eit parti som vil investere i produksjonskapasiteten til økosystema framom til den globale pengemaskina.

Og Terje Bongard går i boka si ”Det biologiske mennesket” òg lenger enn som so. Han tilbyd ein ny modell for demokratiet, eit inngruppe-demokrati, der ein spelar på dei gode sidene hjå mennesket, kor ein framelskar dei gode kvalitetane vi viser i nære relasjonar. Mennesket er ikkje vonlaust, vi er òg medfødt rause, empatiske, snille, samarbeidande, oppdragande og ansvarlege. Men desse eigenskapane vert kvelte i store massesamfunn, dei kan berre bløme i samanhengar som etterliknar dei gamle stammesamfunna i Riftdalen. Her ligg vona hjå menneskeslekta, den einaste vona vi har att.

Inngruppa.

Det er ei trøystesløyse i eit valår å stå på kanten av Riftdalen og sjå ned i mørke avgrunna, utan å ha noko parti å stemme på. Difor er det er på høg tid at vi får eit nytt parti som tek desse perspektiva på alvor. Underleg nok, løysninga på dei problema som Riftdalen sitt snevre hjerneperspektiv har gjeve oss, ligg òg i Riftdalen, i stammen, i det nære fellesskapet mellom menneskje, men utvida til eit nasjonalt og globalt perspektiv.

Vi veit no kven mennesket er, på godt og vondt. For tida nyttar vi mest den vonde sida av oss, vi nyttar ho til å produsere pengar. Men vi treng ikkje pengar, vi treng naturkapital gjeven oss frå friske økosystem og sosial kapital gjeven oss frå livgivande menneskesystem. Dette kan vi oppnå gjennom inngruppe-demokratiet. Den beste investeringa vi kan gjera for framtida, den beste gåva vi kan gje borna våra.

Denne artikkelen skreiv eg til valet i 2013. Republiserer han no i ein oppdatert versjon til valet i 2017, då innhaldet er minst like relevant.

*Ny forsking gjev eit noko meir nyansert bilete.

Relatert

Verdibørsen om evolusjon, miljø og samanbrot. (Terje Bongard, Lise Tingstad og Pål Steigan diskuterer her korleis det kan ha seg at menneskeslekta ikkje ser ut til å ta inn over seg dei globale miljøkrisene.)

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR