Kva er det eigentleg me gjer?!

0
53

Dyrs opplevingar

Kva dyr opplever, tenkjer og føler er eit tema som opptar mange av oss, og som me etter kvart veit mykje om. Det er klart at i alle fall pattedyr, fuglar og krypdyr er bevisste og i stor grad deler dei same opplevingane som oss når det kjem til glede og trivnad, men òg smerte, svolt, angst, stress og ubehaget ved å sperrast inne. Mange dyr har òg familiære og sosiale band. Alt dette har eg skrive fyldig om her.

Små forskjellar –  stor forskjellsbehandling

Dei som har eit godt forhold til dyr, kan litt om biologi eller berre har ei viss forståing for dyr og etikk, kjem før eller sidan til ei erkjenning av at forskjellen på menneske og andre dyr er liten. Då er det lett å sjå absurditeten i at me behandlar dyra som om dei ikkje hadde kjensler eller tankar. Me forstår alle at forskjellsbehandlinga ikkje står i høve til forskjellen frå naturens side.

Samfunnets påverknad

Det herskar ein tankegang som seier at dyr skal utnyttast. Altfor få er kritiske til dette. Altfor få tenkjer sjølve. Samfunnet har prenta inn i oss allereie frå me var små born at det er greitt å halda dyr innesperra i bingar, båsar og bur heile livet. Foreldre, besteforeldre, skuleverk og media, ja, sjølv språket vårt, framstiller det å utnytta dyr som naturleg. Ei samanlikning med sekter som driv med hjernevask vert feil. Slike sektar er nemleg små og utan makt. Her står me ovanfor langt større krefter og ein tankepåverknad av dimensjonar. Tankegangen tillèt at dyra skal leva i fangenskap fordi dei vart fødde som ein annan art enn oss.

Etisk grunngjeving?

Fins det rasjonelle etiske argument som kan rettferdiggjera det som skjer med dyra? Eg har enno til gode å høyra nokon forsvara den dårlege behandlinga av dyr ved hjelp av etiske resonnement. Dei «forklaringane» som er gitt avgrensar seg gjerne til at «dette er noko me har lov til» eller til argument som «makt gir rett». Ingen av desse forklaringane rommar etikkens forklaringsmodellar, heller tvert om. All etikk tilseier at det er umoralsk å sperra nokon inne utan stimuli, som på ei glattcelle, og å utøva vald med døden som følgje på grunn av at ein er fødd som det ein er.

Den grufulle sanninga

Me veit alle at bevisste og kjenslevare dyr, som pattedyr og fuglar, vert haldne innesperra i små bur, bingar og båsar heile eller lange deler av livet. Me veit òg at dei aller fleste av desse lever liv som er langt frå det som er naturleg for dei. Dei vert drepne for å tilfredsstilla menneskas lyster utan at det er nødvendig. Dette veit alle, og for å seia sanninga beint ut: Dette er grusomt, nådelaust og moralsk forkasteleg.

 Det er mogleg at klar tale provoserer, men stundom må ein «kalla ein spade for ein spade». Det er viktig å vita at det er sjølve dyremishandlinga og det at folk teier om dette som er mest provoserande. Det er viktig å ta stilling til om ein held med overgriparane eller med offera i denne saka.

Dei passive tilskodarane

Kva gjer me med dette? Det er mange oppvakte og empatiske menneske blant oss som slit med skuldkjensle, skam og dårleg samvit for det dei er med på, og fordi dei ikkje gjer nok for å stoppa det. Dette er sunne kjensler som kanskje ein dag fører til handling. Andre reagerer på det med fornekting og tynne unnskyldningar.

«Elefanten i rommet» er at folk flest støttar dyremishandling gjennom sitt daglege forbruk, og dei veit at andre òg gjer det. Dette at me ofte «sit i glashus» passiviserer. Mange av oss er redde for å seia noko fordi dei fleste av oss, ja – heile samfunnet  – er medskuldige i å utnytta dyr i meir eller mindre grad og ein fryktar å verta kritisert sjølv. Kognitiv dissonans tvingar mange til å prøva å forsvara det heile. Det er tungt å stå imot. Dei overveldande tradisjonane som ein er oppvaksen med tør ein ikkje endra på.

Ingen politikar tør å vera så direkte som eg er her. Dei vil så gjerne tilfredsstilla veljarmassen. Ingen innan næringslivet tør. Dei tener pengar på det og vil ikkje fornærma kundane.

Mange vert lamma og gir opp. Det er overraskande at maktesløysa er så overveldande, og at så får tør ta til orde mot det. Det er sterke krefter som er interessert i utbyttinga, og vil ha oss til å teia, men det får vel vera grenser for passivitet – får det ikkje?

Det naturlege engasjementet

Dei fleste (bortsett frå ein del patologiske unntak) har noko som heiter empati. Det gjer at me reagerer når me ser dyr verta plaga eller drepne, og at det er naturlig for oss å ta til motverje. Det er ein grunn til at mykje av dette går føre seg i det skjulte. Å la organisert dyreplageri fortsetja – mot all kunnskap og mot alle krav til god moral – er unaturleg for oss. Det er eit hån mot vår intelligens og langt under vår verdighet reint etisk.

Kanskje kjenner de eventyret om keisarens nye klede, der alle applauderer det dei ser, men ingen tør seia det opplagde? Endeleg tek ein unge  «bladet frå munnen» og seier sanninga. Tør me det? Eller er me for redde for å gjera oss upopulære i vennekrinsen og familien? Kva gjer me med forskjellsbehandling og urettferd? Ignorerer me det eller tek me opp kampen?

Eg vil at de som les dette skal vera tydelege på at dyr har rett til å leva i samsvar med sine naturlege behov, og at det er forkasteleg å systematisk plaga medskapningane våre på denne måten. Erkjenn at dei har rett til å bevega seg, til å omgås andre artsfeller på ein naturleg måte, og til frisk luft og dagslys! Er det for mykje å be om?

Å gjera godt mot dyr er ein av dei mest høgverdige handlingane me kan gjera. Dyr kan vera like takksame og gleda seg slik me menneske òg kan, men me får ikkje denne takksemda att som gåver, pengar eller menneskeleg ære.

Dei problematiske etiske spørsmåla systematisk dyremishandling reiser, får oppsiktsvekkande lite merksemd i forhold til omfanget og graden av alvor. Ansvarlege menneske klarte å føra haldningskampanjar mot røyking, forbaud skadelege miljøgifter, fekk skikk på ozonlaget og er no i ferd med å gå laus på klimakrisa. Behandlinga av dyr har derimot vore synleg i tusenår med grufulle konsekvensar, men med berre små positive endringar. Det er høgst på tide at noko skjer.

«Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv». Ha mot til å engasjera deg for dyra! Du vil nok oppleva det som frigjerande. Dyrs kjensler og tankar er like viktige for dei som våre er for oss. Lat oss opptre klokt og empatisk, òg mot andre artar!

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR