«Hold pusten så lenge du kan» av Maria Sand

0
2128

«Hold pusten så lenge du kan»? Ja, det kan du seie! Denne boka tok pusten ifrå meg fleire gonger. Greit at det er ein debutroman frå i fjor, men kvifor er ikkje denne boka snakka meir om? Den tar jo for seg eit  viktig tema!

Gjennom delar kalla Før, Etter, Så og Nå møter vi Alva. Alva har eit tøft liv. Som åtteåring vert ho mobba, bestevenninna, Kjersti, døyr og foreldra hennar går frå kvarandre. Som tenåring er ikkje livet mykje betre, sjølv om det er veldig annleis. Alva slit med sunne forhold, både til seg sjølv, andre menneske og haldningar. I tillegg lev ho med skuldkjensla over at det kanskje var bitte litt hennar feil at Kjersti døydde.

Språket er så godt, det dirrar! Og måten Sand har brukt pronomena på er utruleg perspektivskapande. Som barn er Alva «jeg», som tenåring opplever ho seg sjølv utanfrå og er «du». Som ung vaksen er ho «hun» og som vaksen er ho seg sjølv att. For ei effekt! Tonen i boka er heilt unik. Sår, fin, vond, og ikkje minst presis. Den MÅ bare lesast.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015

Innlegget var først publisert på www.elisecathrin.com.

Facebook kommentarer

DELTA I DEBATTEN:

Please enter your comment!
Please enter your name here